Kulturstrøm

  • Blir Artist in Residence

    John Zorn (67) blir Artist in Residence på Moldejazz neste år. Det seier festivalsjef Mariann Bjørnelv til rbnett.no. Den amerikanske multiinstrumentalisten og komponisten har vore på jazzfestivalen tre gonger før. Festivalen ønsker også å få verdsstjerna John Legend tilbake til utescena på Romsdalsmuseet.

    John Zorn
    Foto: Pressebilde
  • NRK vann pris for klimaprosjekt

    NRK.no vann European Digital Media Award for prosjektet Din klimaframtid, i kategorien «beste nyheitsnettstad eller mobilteneste».

    Prosjektet gir lesarene moglegheita til å sjå kva klimaendringar som kan bli gjeldande i deira kommune, basert på norsk og internasjonal forsking.

    – «Din klimaframtid» gir lesarane ei omgjengeleg, men likevel utruleg detaljert kjelde til å forstå potensielle effektar av klimaendringar, ikkje som eit breitt eller overveldande tema, men i sine eigne lokalsamfunn, står det i grunngjevinga.

    Dommarane meiner dette er eit «forbløffande journalistisk arbeid og eit historisk dokument for landet».

Flere kulturnyheter