NRK Meny

Last ned ”Der ingen skulle tru …”

Nå gir vi deg en av NRKs mest populære programserier til odel og eie. Når, hvor og hvordan du vil se den, velger du selv.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
Foto: NRK

Nå kan du laste ned og se årets seks episoder av ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” akkurat slik du selv vil; Som podkast eller som høykvalitets BitTorrent-fil. Dette gjør at du selv kan bestemme når og hvordan du ser episodene. Og selvsagt kan du fortsatt se både disse og tidligere episoder i nett-tv.

Podkast av "Der ingen skulle tru..."

Foreløpig siste episode av "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" ble sendt søndag 8. mars, men vi gir deg altså tilbudet om å få serien til odel og eie til eget bruk så lenge du vil.

Som podkast
Som podkast kan du laste ned videofilene spesielt tilpasset iPod eller annen mp3-spillere med video, eventuelt på mobiltelefon, Sony PSP eller en hvilken som annen bærbar videospiller. Du kan selvfølgelig også velge å se den på datamaskinen din. Videoene er da i ganske lav oppløsning, så podkast egner seg best på små skjermer. Til gjengjeld er det enkelt og raskt å laste ned.
Dette er lenken til podkasten fra ”Der ingen skulle tru…”

Som BitTorrent
Hvis du ønsker høy kvalitet på videoene, slik at du kan se dem på TV-skjermen, kan du laste ned episodene som BitTorrent.
Dette kan virke litt komplisert for dem som ikke har benyttet denne teknologien før fordi man ikke bare kan klikke på en lenke og laste ned episoden.Det enkleste er å installere et program som heter Miro. Der kan du sette opp et abonnement og få episodene automatisk etter hvert som de blir tilgjengelige. Både programmet og abonnementet er helt gratis.
Her er lenken til mer info om BitTorrent-tilbudet hos NRKbeta.

Her kan du laste ned de enkelte episodene

Torrentfil: Kirkefjorden i Lofoten (1:6)

Kirkefjorden i Lofoten
Foto: unknown / NRK

Fjorden er like trolsk som husklyngja inne i fjordbotnen. Ein gong budde 300 menneske i Kirkefjorden i Lofoten. No er Oddvar Berntsen den einaste som er att om vinteren. I Bunesfjorden, som går parallelt med Kirkefjorden, er situasjonen om lag den same. Utanfor, og attanfor den veldige Bunessanden, ligg eit einsleg lite hus ved storhavet. Dit ut må ei eldre dame frå Göteborg kvar einaste sommar, sjøl om staden er både veglaus, vasslaus og straumlaus.

Torrentfil: Folka på Femundshytta (2:6)

Folka på Femundshytta
Foto: unknown / NRK

I villmarka vest for Femunden lever Milda og Klas Femundshytten att åleine. Då Klas voks opp, var fiske og fangst livsgrunnlaget. No sper dei på pensjonen ved å ta imot turistar som får servert mat i fjøset, historier om mor Olave som fødde på setra, og soger frå den gongen Femundshytta var eit underbruk under koparverket på Røros. Men størst stemning skaper lasskøyrarane når dei på veg mot Rørosmartnan tek inn på Femundshytta med song og spel.

Torrentfil: Jenny og det store samspelet (3:6)

Jenny og det store samspelet
Foto: unknown / NRK

Ho voks opp i rikmannsmiljøet i utkanten av New York - og ho har aldri sete ved ein PC, aldri snakka i ein mobiltelefon eller teke i eit bilratt. Men bak rokken sit ho ofte, og kveld og morgon sit ho på fjøskrakken i skinet av ei lykt. Jenny Endresen lever på den veglause og straumlause fjellgarden Moslid i Vinje i Telemark, og ho lever slik bøndene gjorde for hundre år sidan. Målet er å vere sjølvhjelpen, leve i samspel med naturen og ikkje øydeleggje jorda.

Torrentfil: Knut og budeia i Hattfjelldal (4:6)

Knut og budeie i Hattfjelldal
Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Byguten Knut Kastnes realiserte draumen om å bli bonde då han kjøpte det avsidesliggjande småbruket Sæterstad i Hattfjelldal. Han flytte inn i halvt falleferdige hus, han søkte etter budeie, og Siri Kobberød frå Trondheim kom - og vart verande. Saman har dei omskapt Sæterstad til eit stasbruk. I eitt fjøs driv dei oppdrett av røye og lagar rakfisk for sal, og i eit anna fjøs leverer geitene råstoff til det som blir til eit tital osteslag, ysta heime på garden.

Torrentfil: Kirsten og dei 13 rallarane (5:6)

Kirsten og dei 13 rallarane
Foto: unknown / NRK

Ho bur i eit hus i skogen ved Homevassevje, i ein gammal vaktarbustad ved den nedlagde Setesdalsbanen. Ho er kunstmålar, og om sommaren står ho ute og målar i blomstra støvlar og elles ingenting. Var det ikkje for ormen, hadde ho kasta støvlane og. Kirsten Lundsgaardvig er dansk og fargerik. Ho er og katolsk, og har endåtil teke imot den siste oljen. I tillegg lever ho i lag med tretten rallarar. Dei er alle døde, men held henne like fullt med godt selskap.

Torrentfil: På vitjing i havgapet (6:6)

På vitjing i havgapet
Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Severin Rønes er 25 år gammal og seier at han er som ungdommar flest. Men han har slege seg ned på ein veglaus, avfolka ættegard ved Storfjorden på Sunnmøre. Her lever einebuaren som sauebonde og veidemann, han jaktar hjort og rev og fangar mår og røyskatt. Sist vinter vart båten hans broten ned under ein storstorm, og seinare fór kaia same vegen. Men Severin gjev ikkje opp. No ryddar han skog for å få skikk på kulturlandskapet på garden og på stølen.

Og om du som så mange andre allerede har din favorittprogramvare er det bare å laste ned torrentfilene fra linkene over, eller sette opp abonnement på RSS-feeden:
http://nl.nrk.no/torrent/deringenskulletru/deringenskulletru.rss

For deg som velger Nett-TV
Du kan fortsatt velge å se alle sesongene av "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" i nett-tv.

Vi har tidligere tilbudt siste episode av Kodenavn Hunter 1. sesong, Nordkallotten 365 med Lars Monsen og nå sist Kometkameratene til nedlasting som BitTorrent i høykvalitet. ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” er en av NRKs mest populære tv-serier med over 1 million seere når episodene vises på søndagskvelden.
Her ser du flere detlajer om serien