Hopp til innhold

«Barn» nominert til Nordisk råds filmpris

– Heilt fantastisk og veldig fortent av regissør Dag Johan Haugerud. Det betyr òg at eg ikkje har øydelagt filmen hans totalt, og det er jo herleg, seier hovudrolleinnehavar Henriette Steenstrup.

Henriette Steensrup spiller rektor i filmen "Barn".

Henriette Steenstrup har ei av hovudrollene i filmen «Barn», som skildrar relasjonen mellom barn og vaksne.

Foto: Lars Olav Dybvig / Motlys, Arthaus

Filmen «Barn» håva inn ni av ti prisar under fredagens Amandapris-utdeling, og sette dermed rekord i talet på Amandastatuetter. I dag vart det offentleggjort at filmen blir Noregs nominerte bidrag til Nordisk råds filmpris.

Jan Gunnar Røise og Ella Øverbø

Jan Gunnar Røise og Ella Øverbø speler saman.

Foto: Motlys

Dag Johan Haugerud har skrive manus og hatt regi på «Barn». Gjennombrotsfilmen hans «Som du ser meg» var i 2013 nominert til Nordisk råds filmpris og vann same år fire Amanda-prisar.

– Ein stor heider

Haugerud synest det er stort at han og dei som har jobba med filmen får denne heideren.

– Ein blir jo veldig glad for ein slik nominasjon. Eg har alltid tenkt at Nordisk råds litteraturpris heng veldig høgt. Sjølv om filmprisen ikkje har vorte delt ut like lenge, ser eg på han på same måte.

Regissør Dag Johan Haugerud

Dag Johan Haugerud har skrive manus og hatt regi på filmen.

Foto: Baard Henriksen

Henriette Steenstrup, som har ei av hovudrollene i filmen, synest dette var veldig gledelege nyheiter.

– Regissør Dag Johan Haugerud har eit heilt unikt blikk på å beskrive forsøket til menneske på å gjere sitt beste samtidig som dei feilar totalt. Han er ein filmkunstnar. Og han bruker filmmediet på ein måte som gjer uttrykket både veldig morosamt og djupt tragisk på ein gong.

– Kva betyr det for deg som skodespelar i filmen at han er nominert til Nordisk råds filmpris?

– For meg betyr det samarbeidet med Johan mykje, og det har vart i mange år òg. Det er ein stad der eg får gjort ting eg elles ikkje får gjort. Eg blir veldig inspirert av han.

Det er den 17. gongen prisen blir delt ut, og berre éin norsk film har tidlegare vunne. Det skjedde i 2016 og då gjekk prisen til Joachim Triers «Louder Than Bombs». Vinnaren av prisen får 350.000 danske kroner.

Ane Dahl Torp og filmprodusent Yngve Sæther i forbindelse med nominasjoner til Nordisk råds filmpris

Ane Dahl Torp speler hovudrolla i den svenske filmen «Charter», som er nominert til Nordisk råds filmpris.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen

Noreg har òg bidrege til ei viss grad for Sverige sin nominasjonskandidat. Filmen «Charter» har nemleg Ane Dahl Torp i hovudrolla.

Ho tek i mot nominasjonen i Haugesund på vegner av den svenske manusforfattaren og regissøren Amanda Kernell, produsenten Lars G. Lindström og produsenten Eva Åkergren.

– Amanda Kernell er ein heilt fantastisk regissør. Det har vore eit stort arbeid og veldig gøy å jobbe med denne filmen. Den skulle eigentleg ha premiere på kino 13. mars, som ikkje blei noko av. Så at filmen no blir sett og annerkjent, det betyr absolutt veldig mykje, seier Ane Dahl Torp.

Vinnaren blir gjort offentleg tysdag 27.oktober i Reykjavik.

Kulturstrøm

  • Pressefotografenes Klubb presiserer KI-regler

    Pressefotografenes Klubb har besluttet å presisere og endre i regelverket for Årets bilde 2024.

    «Alle bilder levert til konkurransen skal være fotografert av et kamera og KI-genererte bilder ekskluderes fra konkurransen. Dette gjelder også bruk av generativt fyll eller kunstig genererte elementer. Dette gjelder i samtlige kategorier,» skriver fotojournalisten.no.

    Noen smarte verktøy vil være mulig å bruke:

    «Noen KI-drevne forbedringsverktøy vil være mulig å benytte innenfor konkurransereglene, så lenge disse verktøyene ikke fører til vesentlige endringer av innholdet, slik som med «Denoise», som benytter KI til å skjerpe og forbedre bildekvalitet. Når det gjelder generell bilderedigering, er regelverket som før (§9 i regelverket).»

    «Bilder må aldri forandres unntatt med aksepterte teknikker som beskjæring, lysstyrke, kontrast, moderat fargejustering, oppletting og nedtoning. Juryen kan be om å få tilsendt ubehandlede originalfiler for å vurdere om bildebehandlingen er innenfor gjeldende.»

    «Eksempel på verktøy som umiddelbart bryter konkurransereglene er alle KI-drevne forstørrelsesverktøy som Adobe Super Resolution og Topaz Photo AI,» skriver fotojournalisten.no.

  • Schibsted-konsernet vil splitta selskapet i to

    Schibsted-konsernet vil skilja ut mediehusa i ei eiga eining og selja dei til Stiftinga Tinius.

    Det opplyser konsernet i ei børsmelding måndag morgon.

    Dersom avtalen går gjennom, vil VG, Aftenposten, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og dei andre mediehusa i konsernet bli tekne av børs.

    Avtalen verdset nyheitsavdelinga til 6,2 milliardar kroner. Det inkluderer Schibsteds eigardelar i nyheitsbyråa NTB og TT, og dessutan Polaris Media, skriv E24.

  • Fosse mottok nobelprisen i litteratur

    Jon Fosse mottok søndag nobelprisen på scenen av kong Carl Gustaf av Sverige.

    Fosse fikk årets nobelpris i litteratur for sin «nyskapende dramatikk og prosa, som gir en stemme til det usigbare», heter det i Svenska Akademiens begrunnelse.

    – Jon Fosse er ingen vanskelig forfatter, men en som bruker enkle ord til å ordlegge universell tematikk, sa professor Anders Olsson i Svenska Akademien under seremonien i Stockholm.

    – Jon Fosse er den første nobelprisvinneren i litteratur som har skrevet på nynorsk. I likhet med sin store norske forgjenger Tarjei Vesaas kombinerer han sterke lokale bånd med en tro på samtidslitteraturens muligheter. Han viker unna det vi kan betrakte som en definitiv formulering, noe som gjør det nesten umulig å sitere ham, sa han videre.

    Jon Fosse får nobelprisen i Litteratur
    Foto: Claudio Bresciani/TT / NTB