CHARLES VILDRAC
«Amerikabåten» fortel om to franskmenn som er kome attende frå krigen og ikkje finn plassane sine i samfunnet igjen.
Dei er rotlause og bestemmer seg for å utvandra. I to-tre veker gjeng dei og ventar på at Amerikabåten skal bli klar til å segla, og i den tida forelskar dei seg sjølvsagd i same jenta...
Den eine er, synest det, eit sjølvsikkert handlingsmenneske, den andre ein kjenslevar og nølande draumar.
I denne enkle fortellinga spekulerer Vilrac over kva det er å vere sterk og kva det er å vere veik.
Stompa legende
Instruktør for denne oppsettinga frå 1955 er Nils-Reinhardt Christensen, ein av dei mest brukte i Radioteatret og for alltid knytta til høyrespela om Stompa & co, ein av dei store suksesser i Radioteatret si soge. Denne sitcom’en for barn byggjer på bøker av den engelske forfattaren Anthony Buckeridge. Christensen både omsette og dramatiserte dei, og gjorde ramma om til norsk røyndom – og han instruerte.
Christensen satte ifølgje kritikeren Odd Bang-Hansen opp «Amerikabåten» i munter stil, med rike lydeffektar som gjorde sitt til å gjere stykkjet fargerikt og friskt. Ein av personane vert spela av ei legende i norsk teater: Lars Tvinde. Stykkjet er sett om til nynorsk av Johs. A. Dale
Dei som er med:
Therese, serveringsdame – Eva Strøm Aastorp
Fru Cordier, enkje – Lydia Opøien
Bastian – Harald Heide Steen
Segard – Påø Skjønberg
Ledoux – Lars Tvinde
Ein engelsk sjømann – Henrik Anker Steen
Annonsering: Lille Graah
Instruktør: Nils-Reinhardt Christensen
Høyr det - eller podkast det
Stykket «Amerikabåten» kan du høyre i NRK P2 søndag 5. august klokka 15.03 og mandag 6. august klokka 19.30. Du kan også podkasta stykket fra og med klokka ni om morgonen søndag 5. august og syv dagar frem i tid.
Her finner du podkasten fra og med sendedato: