«All I Want For Christmas Is You» har vore populær i førjulstida heilt sidan songen dukka opp på Mariah Careys juleplate «Merry Christmas» frå 1994. Men det skulle gå 25 år før songen gjekk heilt til topps på den amerikanske hitlista Billboard top 100.
Grunnen til at det har teke så lang tid er at låten aldri har vore single, og fram til 1998 baserte Billboard seg på fysisk sal av singlar. I 1998 blei reglane endra til at også albumspor kunne kome inn på lista.
Men for Carey og «All I Want For Christmas Is You» blei det fart på sakene då strøyming blei ein del av lista i 2012. Då kom songen, som er å finne på fleire av julespelelistene til strøymetenestene, inn blant dei 100 mest populære låtane.
Sette rekord
For to år sidan klatra «All I Want For Christmas Is You» inn på ti på topp for første gong. Og på julaftan i fjor sette Mariah Carey strøymerekord med 10,8 millionar avspelingar på Spotify, og blei med det den mest spelte songen på ein dag.
Også i Noreg ligg Mariah Carey og «All I Want For Christmas Is You» på topp på Topplista, akkurat slik ho gjorde i veka før. Fem av dei ti øvste plassane på den norske hitlista er elles julesongar.
Dette viser at hitlistene har blitt eit betre barometer for kva som er populært blant folk, etter at strøyming blei ein del av grunnlaget, seier musikkvitar og forfattar Audun Molde.
– Lyttarane styrer meir. Det som hamnar på hitlistene er det vi faktisk høyrer på akkurat no. Det har endra hitlistene fullstendig. Det gjer også at eldre musikk blir aktuell på nytt, slik som i dette tilfellet.
Julemusikk sjeldan på topp
Topplasseringa til Mariah Carey på den amerikanske hitlista denne veka markerer også ein milepæl. Det er første gong sidan 1958 at ei juleplate toppar lista, melder Billboard.
- Les:
The Chipmunks med «The Chipmunk Song» gjekk til topps i 1958, og låg der i fire veker. Sidan har berre eit fåtal julesongar klart bragda å kome seg inn blant dei ti beste på lista.
Denne vekas topplassering er den 19. gongen Carey går til topps. Ho er med det den soloartisten som har flest topplasseringar på lista, ifølgje Billboard. Og det er noko ho er særs fornøgd med, skal vi tru Twitter-kontoen hennar.