Hopp til innhold

Ukraina vann Eurovision

– Musikken vår erobrar Europa, skriv Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj på Telegram. Ukraina fekk rekordmange poeng frå folkejuryen. Noreg kom på 10.-plass.

VINNAR: Her får dei vite at dei vann årets konkurranse.

Ukraina vann Eurovision Song Contest 2022. Det er tredje gongen dei vinn konkurransen.

– For det første vil eg takke alle ukrainarar i heila verda, og alle i Europa som stemte på Ukraina. Sigeren er svært viktig for Ukraina, særleg i år. Hjarteleg takk.

– Alle sigrar for Ukraina er viktige i desse tider. Dei siste månadane har ukrainsk kultur blitt angripe. Vi er her for å vise at ukrainsk kultur og musikk lever.

Det sa frontmann i vinnarbandet Kalush Orchestra, Oleh Psiuk under pressekonferansen etter sigeren.

Trur de at folk stemte på dykk grunna situasjonen landet er i?, fekk dei spørsmål om.

– Songen var nummer éin ifølge fleire bookmakerar. I det siste har eg også høyrt songen i fleire land vi har besøkt dei siste vekene.

Fekk helsing frå presidenten

Kalush Orchestra har ikkje fått ein telefon frå presidenten, og seier han er oppteken med andre ting i det krigsråka landet dei kjem frå. Men dei har likevel fått ei indirekte helsing.

– Musikken vår erobrar Europa, skriv Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj på Telegram etter sigeren.

– Neste år er Ukraina vertskap for Eurovision. For tredje gong i historia. Og eg trur at det ikkje er den siste. Vi skal gjere vårt beste for å ein dag vere vertskap for deltakarane og gjestane til Eurovision i ukrainske Mariupol, skriv han vidare.

Mariupol er ein av dei hardast råka byane under krigen.

På pressekonferansen etter sigeren var det mange følelsar i sving.

SJÅ VIDEOEN HER

Stemmerekord for det krigsråka landet

Ukraina fekk rekordmange 439 poeng frå publikumsstemmene.

Frå juryen fekk dei berre 192 poeng.

Eg trur at vi har moglegheit til å arrangere Eurovision i eit fredfylt, samla, oppbygd, velståande og lukkeleg Ukraina, sa Psiuk før finalen.

Ukraina arrengerer ESC dersom Kalush vinner.

VOKALIST: Her er vokalist Oleh Psiuk rett etter finalen.

Foto: Heiko Junge / NTB

Om to dagar reiser dei tilbake til Ukraina. I pressekonferansen seier dei at dei ikkje er sikre på kva dei skal gjere når dei må returnere, men at dei er klare for å kjempe det dei kan for landet sitt.

Kalush Orchestra framførte songen «Stefania», som handlar om mora til Psiuk.

Mogleg jurystemmemanipulering

Eurovision Broadcasting Union (EBU), som er ansvarleg for konkurransen, melder om «uregelmessige stemmemønster» i jurystemmene frå seks land.

Det skriv dei i ei pressemelding.

EBU har jobba saman med sin stemmepartnar for å berekne eit resultat for kvart land råka, slik at stemmegjevinga deira blir eit resultat som gir meining basert på ulike faktorar.

Eit nøytralt utval har følgt prosessen slik det har gått rett føre seg.

Dei skriv også at dei tek eitkvart forsøk på å manipulere stemmeresultat svært alvorleg.

Det er uvisst kva slags land det er snakk om.

rE-tMVfOqAQ

Australia.

Foto: MARCO BERTORELLO / AFP
1IypnX3nTQ4

Storbritannia.

Foto: MARCO BERTORELLO / AFP
WJOfrk5n9kw

Polen.

Foto: MARCO BERTORELLO / AFP
Serbia

Serbia.

Foto: YARA NARDI / Reuters
Estland

Siste land ut var Estland.

Foto: YARA NARDI / Reuters

Storbritannia rakk nesten heilt opp

Morten Westgaard i Eurovision Norway er i Torino og såg konkurransen frå bakrommet.

Han trudde Storbritannia kom til å nå toppen etter å ha sett dei på scena.

Slik gjekk det ikkje. Storbritannia hamna på 2.-plass, og det stod mellom dei og Ukraina heilt til slutt.

p9TRMmPn_Ck

Nederland.

Foto: Luca Bruno / AP
ewd

Ukraina.

Foto: Sarah Louise Bennett / EBU
wed

Tyskland.

Foto: Corinne Cumming / EBU
WqoXqGdi9do

Litauen.

Foto: MARCO BERTORELLO / AFP
itsP8gvGl8A

Azerbaijan.

Foto: MARCO BERTORELLO / AFP
bzXF_CcumXY

Belgia.

Foto: YARA NARDI / Reuters
Amanda Tenfjord

Hellas med norske Amanda Georgiadi Tenfjord.

Foto: Sarah Louise Bennett / EBU
Island

Island.

Foto: Srah Louise Bennett / EBU
BfKwoy7ry3s

Moldova.

Foto: MARCO BERTORELLO / AFP
WkixmEv_GG4

Sverige.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Dette var deilig! Ein stor sal med superflinke jordbuarar som kunne heile songen vår! Jim blei skikkeleg overraska og Keith heldt på å sprekke av glede! Torino har vore heilt fantastisk så langt. Dj Astronaut er litt varm og ønsker seg vifte, seier Subwoolfer til NRK i etterkant av framføringa deira.

Jim og Keith er namna på dei to ulvane i gruppa.

Noreg kom på 10.-plass i årets konkurransen og fekk totalt 182 poeng.

Norges finalist i årets Eurovision Subwoolfer fremfører sin

Noregs finalist i årets Eurovision Subwoolfer framfører sin song. Her kan du sjå Subwoolfer

– Ver så snill, hjelp Ukraina

Etter det ukrainske bandet Kalush Orchestra var på scena under finalen bad dei om hjelp.

– Det einaste eg ber dykk om er å hjelpe Ukraina, Mariupol, sa Psiuk, som er kjent for å ha på seg rosa hatt.

Det har blitt spekulert om dei kunne bli diskvalifisert av dette, men den europeiske kringkastingsunionen (EBU) seier til VG at dei ser på dette som ein humanitær kommentar og ikkje ein politisk kommentar.

Millionar av sjåarar

200 millionar sjåarar frå heile Europa og Australia samlast for å sjå dei 25 bidraga som var i finalen av årets konkurranse.

I opningsshowet song eit stort kor songen «Give Peace A Chance» av John Lennon og Yoko Ono.

Åpningsnummer: Give peace a chance

Opningsnummer: Give peace a chance

– Kva er eg med på?

Amanda Tenfjord frå Sunnmøre representerte Hellas i årets finale. Tenfjord er norsk-gresk, og fekk spørsmål om å bidra i konkurransen for Hellas.

Her kan du sjå norsk-greske Amanda Tenfjord framføre Die Together for Hellas

Sunnmøringen og Hellas kom på 8.-plass i konkurransen.

– Dette var som forventa, beste framføringa ho har hatt til no. Skikkeleg innleving. Dette var rørande, seier Morten Westgaard i Eurovision Norway.

Fleire norske sjansar i årets konkurranse

Ikkje nok med Amanda Tenfjord og Subwoolfer, så hadde vi to nordmenn i bandet We Are Domi som stod for Tsjekkia sitt bidrag i konkurransen.

Benjamin Rekstad på keyboard og Casper Hatlestad på gitar.

Tsjekkia fekk totalt 28 poeng i årets konkurranse og kom på 21.-plass.

– Vi har ikkje i tankane våre sånn «no skal vi vinne». Vi skal køyre showet vårt, kose oss på scena og håpe folk likar det, sa Rekstad før finalen.

«Norske» We are Domi fremfører «Light Off» som første låt ut i Eurovision finalen 2022.

«Norske» We are Domi framfører «Light Off» som første låt ut i Eurovisionfinalen 2022.

We Are Domi var første bidrag på scena.

an5LYkQ_AGM

Tsjekkia var det første landet ut under årets Eurovision.

Foto: MARCO BERTORELLO / AFP
kjv

Romania.

Foto: SARAH LOUISE BENNETT / EBU
vF1hgOUwIvU

Portugal.

Foto: MARCO BERTORELLO / AFP
ppdvDJBYcgA

Finland.

Foto: Luca Bruno / AP
wd

Sveits.

Foto: Sarah Louise Bennett / EBU
6HfPGA0moSY

Frankrike.

Foto: MARCO BERTORELLO / AFP
ma4uy2bmTaI

Norge og Subwoolfer.

Foto: Heiko Junge / NTB
Hk7XYXmFvqs

Armenia.

Foto: MARCO BERTORELLO / AFP
asc

Vertslandet Italia.

Foto: Corinne Cumming / EBU
Lys-5Rf7UcQ

Spania.

Foto: MARCO BERTORELLO / AFP

Kulturstrøm

  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.