TV-serien «Kampen om tungtvannet» nådde ein førebels spenningstopp med sprenginga av tungtvassanlegget på Vemork i fjerde episode. Den delen av episoden som handlar om sabotasjeaksjonen utgjer ein nesten 20 minutt lang stigande spenningskurve fram mot eksplosjonen og flukta etterpå.
– Først prøvde eg den vanlege løysinga med heftig musikk heile vegen, med masse trommer, men det fungerte ikkje, seier Kristian Eidnes Andersen (48), den danske komponisten bak musikken i serien.
TV-serien er med sine seks episodar fire og ein halv time lang, og ein stor del av tida er Andersens musikk med på å fortelje historia. Andersen har tidlegare mellom anna skrive musikk for dei danske stjerneregissørane Lars von Trier og Thomas Vinterberg.
Horna seier «her kjem heltane»
Det første utkastet til musikk til denne delen, med perkusjon og høg intensitet heile vegen, kom aldri så langt som til regissørens øyre. Komponisten kom raskt fram til at andre verkemiddel måtte til:
– Det måtte heile tida vere utvikling og forandring i musikken, slik at ein kunne halde på spenninga, forklarer Eidnes Andersen.
– Vi løyste det ved å bruke tre element: Trommer og perkusjon var det første elementet. Dette gjekk over i djupe, dystre tonar, musikalske «skjebnetema» som la til eit slags skjebnenivå under den actionfylte handlinga. Det tredje elementet bestod av «heltetema» spelt på horn. Den musikken seier «her kjem heltane». Slik kan musikken fortelje noko på eit anna plan enn bileta.
– Du kan ikkje «køle på» heile tida
Regissør Per Olav Sørensen er samd i at sprengingsaksjonen var den vanskelegaste å setje musikk til:
– Å lage musikk til 20 minutt med action er svært vanskeleg, seier Sørensen, som også samarbeidde med Eidnes Andersen om TV-serien «Halvbroren».
– Du må velje dine augneblinkar, du kan ikkje «køle på» heile tida. Ein må trekkje ut og legge til, og blande klassisk og moderne. Dette strekket vart som ein slags lydkomposisjon med ei blanding av actionlyd, musikk og replikkar.
Høyr heile intervjuet med Kristian Eidnes Andersen og Per Olav Sørensen i Spillerom: