Hopp til innhold

– Torso, bystar og puppar er spesielt populært

No er det trendy å dekorere heimen sin med «kroppskunst», altså vasar, stearinljos og måleri av menneskekroppen. – Vi er kvitt dei fleste tabua, seier kunstkritikar.

Anne Sofie Aandraa har kunst på veggen

KUNST: Eit av kunstverka Anne-Sofie Andraa har på veggen sin heime.

Foto: Privat

– Vi ser ein stor auke i sal av vasar og interiør som har kroppsfasong, då dette er ein del av dei nye trendane, seier Tobias Rønning, interiørkonsulent i Milla Boutique.

– Torso, bystar og puppar er spesielt populært, legg han til.

Milla Boutique er ein av Noregs leiande interiør- og livsstilsbutikkar, og har følgt utviklinga over fleire år.

Rønning seier at denne trenden kom for fullt i fjor, men at den framleis er veldig tydeleg.

– Det er berre å gå inn i ein kvar interiørbutikk så vil du bli møtt av ein puppevase eller rumpeskulptur.

"Kroppskunst" i anledning "Hvem bor her"

EKSEMPEL: I programmet «Hvem bor her?» ser vi eksempel på det som er ein av interiørtrendane nå.

kroppskunst er blitt populært

EKSEMPEL: I programmet «Hvem bor her?» ser vi eksempel på det som er ein av interiørtrandane nå.

"Kroppskunst" i anledning "Hvem bor her". Heime hos Thea Elise Klingvall.

EKSEMPEL: I programmet «Hvem bor her?» ser vi eksempel på det som er ein av interiørtrandane nå.

– Hengepuppar og stor mage

Vi har snakka med fleire interiørbutikkar som fortel det same, deriblant Home Interiør. Dei sel pallar med kroppslege figurar og vasar.

– Som regel er det formfulle damer med hengepuppar og stor mage det går mest av, seier dagleg leiar Cecilie Cocozza,

– Det verkar som at folk flest likar å dekorere med noko så naturleg som ein naken kropp, og gjerne dei som er litt «uperfekte».

Anne-Sofie Andraa, ein av deltakarane i «Hvem bor her?», er blant dei som meiner kropp er topp.

Til Sverige for å hente penis

– Eg har alltid vore fascinert av kropp, og eg har alltid syntest at kroppen har vore veldig fin, seier Anne-Sofie Andraa.

Anne-Sofie Andraa

ELSKAR KROPP: Anne-Sofie Andraa elskar kropp.

Foto: Privat

Andraa er ein fargerik person som likar å ha litt X-faktor, og går gjerne med plagg og smykke som viser kvinnekroppen.

I tillegg er Andraa kanskje den einaste i Noreg som kan skryte av å ha ein designpenis på veggen.

– Eg såg den då eg var på ferie i Sverige i fjor, men den fanst ikkje i nokon norske butikkar.

Det enda opp med at ho måtte opne postboks i Sverige, og reise til Strømstad for å hente penisen.

"Kroppskunst" i anledning "Hvem bor her"

FALLOS: Anne-Sofie Andraa har dekorert heimen sin med designpenis.

"Kroppskunst" i anledning "Hvem bor her"

– For meg har det vore viktig sjå kroppen slik han er, og at vi ser det mangfaldet som finst. Kropp er fantastisk, seier ho.

Kroppskunst meir enn berre pynt

Det meiner også prosjektleiar og kunstnar Thea Elise Kllingvall.

– Eg målar frå eit feministisk perspektiv. Hovudbodskapet er at kvinna som heilskap skal bli akseptert i si eiga form – uavhengig om ho er kort, smal, fyldig, muskuløs, mørk, brun eller kvit.

I heimen hennar finn ein eigenmåla portrett av kvinner som strålar ut styrke, handlekraft og fridom.

Måleri av Thea Elise Klingvall.

Måleri av Thea Elise Klingvall.

"Kroppskunst" i anledning "Hvem bor her". Heime hos Thea Elise Klingvall.

Måleri av Thea Elise Klingvall.

"Kroppskunst" i anledning "Hvem bor her". Heime hos Thea Elise Klingvall.

Heime hos Thea Elise Klingvall.

Måleri av Thea Elise Klingvall

Måleri av Thea Elise Klingvall.

Då ho var lita følte ho at ho ikkje levde opp til forventningane om å vere tynn nok eller pen nok som jente.

Målet med kunsten er derfor å ta eit oppgjer med idealkvinna.

– Kroppskunst er viktigare enn nokon gong. Viss vi kvinner ønsker å frigjere oss må vi bryte frå skjønnheitsidealet og bli bevisste på at kropp er vakkert uavhengig av størrelse.

Thea elise Klingvall målar.

HYLLAR: Thea Elise Klingvall vil hylle alle kvinner i måleria sine.

Foto: Privat

Sjå meir av kunsten og heimane til Anne-Sofie Andraa og Thea Elise Klingvall i «Hvem bor her?» i NRK TV.

Frigjering eller pornokultur?

Ifølgje kunsthistorikar Mona Pahle Bjerke har kunsten vore viktig bidragsytar i å bryte tabu og skape frigjering både ut ifrå eit feministisk perspektiv, men også i forbindelse med homokampen.

Ho er likevel usikker på om kunst er like frigjerande i dag.

– Seksualiteten kjem til syne over alt i samtidskunsten. Vi er kvitt dei fleste tabua, og det er sjeldan at seksualitet i kunsten klarer å sjokkere oss i dag.

Kunstanmelder Mona Pahle Bjerke

KUNSTHISTORIKAR: Mona Pahle Bjerke understrekar at vår fascinasjon for kropp og seksualitet strekker seg langt attende i tid.

Foto: Miriam Fosstvedt

– Kjønnsorganet fascinerer oss

Fokuset på kropp i kunsten er heller ikkje noko nytt.

Det kan sporast attende til prehistorisk tid, altså 23.000 år før vår tidsrekning, og er stadig eit tilbakevendande bølgeslag, ifølge Bjerke.

– Kroppen er noko vi alle har, så det er ei slags felleserfaring. Kroppen generelt, men kanskje spesielt kjønnsorganet fascinerer oss fordi det lever sitt eiga liv heilt lausrive frå vilje og intellekt.

Sjå fleire episodar av «Hvem bor her?» i NRK TV.

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter