I dag skal musikk-Noreg feire seg sjølve med Spellemann 2014 og kåre den beste musikken og platene frå i fjor. Det blir både heider og ære, men også pengar: Årets nykomar kan vente seg 300.000 kroner i Gramo-stipend.
– Spellemannprisen er det største musikkmessig i Noreg, seier artist Mikhael Paskalev. Han får følge av i Kvelertak:
– Det er megastas og som ein norsk Grammy, sier hardrockarane.
Spellemann 2014 blir arrangert i Stavanger konserthus i kveld og vil gå direkte på NRK1 ifrå kl. 19:55. Jenny Skavlan er konferansier.
Dei som vil stå på scena og opptre er blant andre OnkelP og de fjerne slektningane, Morten Abel, Morten Harket, Broiler og Emilie Nicolas.