Hopp til innhold

– Depresjon er som å ramle ned i ein kjellar utan lys

Humoristen Rigmor Galtung fortel om korleis det er å få depresjonsanfall og korleis ho ristar humøret tilbake med elektrosjokkbehandling.

Video VPL-PGM-121110-WW

Det er eit endelaust helvete. Ingenting er positivt, seier Rigmor Galtung om det å ha depresjon.

Rigmor Galtung har vore fem veker i isolasjon på sjukehus på grunn av depresjon. Der har ho fått elektrosjokkbehandling (eigentleg ECT-behandling eller Elektrokonvulsiv terapi).

Galtung fortel at det er som å bli rista på plass igjen «etter å vore i helvete».

Ingenting er positivt

Rigmor Galtung i Viggo på Lørdag

Rigmor Galtung er gjest i Viggo på lørdag denne veka.

Foto: Aud Darrud / NRK

Depresjonane varer lenge og sit djupt. Galtung fortel at ho kjenner det som om ho er på veg inn i det uendelege.

– Det er heilt svart. Det er som å ramle ned i ein kjellar utan lys, og du faktisk ikkje har noko trapp opp igjen, forklarar ho.

– Og det er eit endelaust helvete. Ingenting er positivt, seier ho.

Det startar med at tankane blir tyngre og tyngre. Ho startar å nedvurdere seg sjølv.

Vrangførestillingar

Det kan gå mange år mellom kvar gong ho får depresjon. Første gong var for ni år sidan, då ho var 32 år gamal.

Ho har lært seg å merke at depresjonen er på veg. Først kjenner ho uro, så merkar ho at konsentrasjonen forsvinn, ho blir irritabel, litt redd - og så kjem dei negative tankane.

– Eg kjenner at eg ikkje får til noko, ikkje kan noko, ikkje er verd noko. Eg ser for meg økonomisk ruin og er sikker på at sonen min kjem til å bli skadd eller blir teken frå meg.

– Desse tankane trur eg på, sjølv om eg eigentleg veit at dette ikkje er reelt. Eg veit at det er vrangførestillingar, men likevel så trur eg på det.

Ristar seg frisk

Ho meiner sjølv ho vanlegvis har eit greit sjølvbilete, men at dette smuldrar opp når ho går inn i ein depresjon.

– I starten går det jamt nedoverbakke. Så stuper det plutseleg.

No har ho altså vore inne til behandling i fem veker. Galtung fortel at behandlinga er som å få eit bitte lite epilepsi-anfall. Behandlinga fungerer for Galtung.

Ho fortel at slike djupe depresjonar som ho har, ofte kjem av biologiske eller genetiske grunnar. Ho forklarar at såkalla synapsar og nevronar skal treffe kvarandre, men at dei ikkje alltid gjer det.

– ECT er som å riste dei på plass igjen, ved rett og slett å lage eit lite epilepsi-anfall.

– Ingen veit kvifor det fungerer. Men for meg fungerer det, seier ho.

Prøver å stå imot

Galtung fortel at ho etter kvart har lært seg å forstå at ho treng å bli lagt inn når ho kjem i depresjon, men at ho prøvar å kjempe imot.

– Eg har jo ikkje lyst. Det er ikkje noko moro å liggje inne på eit sjukehus og ikkje eingong våge å gå på toalettet åleine.

– Kvar gong tenkjer eg at «no skal eg klare å la det gå over av seg sjølv, utan behandling». Men så er det ikkje alltid det går.

Galtung har skrive bok om opplevingane sine og reiser også rundt og held føredrag om dei. Då tek ho som regel utgangspunkt i tidlegare statsminister og landsmoder Gro Harlem Brundtland.

Video VPL-GALTUNG-121110-WW

Rigmor Galtung som Gro på hyggeleg besøk hos Turid Birkeland.

Takkar «landsmoderen»

Galtung fortel at Gro har betydd mykje for ho.

– Det er vel den figuren som eg ein gong var kjend for. Ho har ein autoritet, og ei tru på seg sjølv som eg ikkje alltid har.

– Det har vore så godt å kunne ta fram Gro og tenke «kva ville Gro ha gjort, korleis ville Gro ha reagert no?»

Det er dette ho brukar tid på i føredraga sine. Korleis ein skal bruke roller for å kjenne seg sikker i ulike situasjonar.

– Eg har nok brukt Gro terapeutisk. Eg har mykje å takke ho for, seier Galtung.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.