Hopp til innhold

– Risikosport å vere ungdomsbokforfattar

Kvifor kjøper ingen ungdomsbøker, medan det er fleire månadars venteliste på biblioteka? Forfattar Sigbjørn Mostue meiner bokhandlane ikkje er flinke til å prioritere norske ungdomsbøker.

Sigbjørn Mostue

Forfattar Sigbjørn Mostue vart åtvara mot å skrive ungdomsbok, men kasta seg ut i det likevel.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

– Å skrive ungdomsbøker er litt som å halde på med ein sær risikosport. Du blir åtvara om ikkje å gjere det, men likevel kastar du deg ut i det, fordi det er så sabla morosamt. Og når du kjem i mål er det få eller ingen som bryr seg, seier Sigbjørn Mostue.

I fjor fekk han Uprisen for zombie-apokalypsen «I morgen er alt mørkt». Boka fekk varm omtale og forfattaren var klar fok suksess.

No er han tilbake på Norsk litteraturfestival på Lillehammer for å halde foredraget «Ungdomsboka – ein sjanger i krise?».

Tomme hyller

– Skal forfattaren tene pengar til livets opphald, må bøkene bli selt. Kor mange gongar svevar ikkje forfattarar på skyar av jubel etter eit skulebesøk, for så å snike seg inn i bokhandelen på staden, forsøke å finne den bortgøymde hylla med ungdomsbøker, for berre å oppdage at bøkene hans eller hennar ikkje ein gong står i hylla, sa Mostue på foredraget.

Steffen Sørum

Forlagsredaktør, Steffen Sørum, seier det er tragisk at leselysta til ungdomane ikkje blir metta på grunn av dårleg utval i bokhandlane.

Forfattarens redaktør, Steffen Sørum, meiner det i alle fall ikkje er leselysta blant ungdomane det står på.

– Vi ser at ungdom kan stå seks månadar i kø for å låne boka til Sigbjørn på biblioteket. Det er jo heilt tragisk. Når dei faktisk blir gira finst ikkje boka i bokhandelen og skulebiblioteket har berre to eksemplar.

– Har ikkje dårleg samvit

Kategori- og innkjøpsdirektør i Ark, Jon Georg Husby, har forståing for otta og meiner ungdomsbøkene er ein vanskeleg sjanger.

Jon Georg Husby

Kategori- og innkjøpsdirektør i Ark, Jon Georg Husby, har ikkje dårleg samvit for arbeidet dei gjer for å ivareta norske ungdomsbøker.


– Vi ser at ungdomane følgjer med på internasjonale trendar som til dømes John Green og Twilight. Dei ønskjer ofte å kjøpe bøkene på engelsk og har ei internasjonal referanseramme som gjer det vanskeleg for norske ungdomsbøker å nå fram, seier han.

Men han har ikkje dårleg samvit for jobben med å selje norske ungdomsbøker.

– Vi er bevisste på ansvaret vårt for å gi ungdomsbøkene plass i butikkane, og sikrer eit godt sortiment sentralt, samtidig som den enkelte butikk står heilt fritt til å kjøpe inn dei ungdomsbøkene dei måtte ønskje utover dette. Målet vårt er å selje flest mogleg av dei, seier Husby.

Hollywood-maskineriet

Sigbjørn Mostue er ikkje nemneverdig imponert av svaret til Husby, og meiner det han seier berre bekrefter problemet.

– Det er ikkje rart at ungdomane konsentrer seg om dei utanlandske bøkene. Det er dei første dei finn i butikken, og dei har eit stort maskineri bak seg, nemleg Hollywood.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.