NRK Meny
Normal

– Paradoks at han klagar over manglande aksept i Noreg

Odd Nerdrum står fjellstøtt i norsk kunsthistorie, meiner fleire kunstekspertar. Men dei er ueinige om kva straffesaka vil gjere med kunsten hans.

Odd Nerdrums selvportrett

Odd Nerdrum viste fram dette sjølvportrettet då han møtte i Oslo tingrett i fjor. I dag tapte han anken i Borgarting lagmannsrett.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

I dag tapte Odd Nerdrum anken i Borgarting lagmannsrett, og vart dømt til to år og ti månader i fengsel for grovt skattesvik.

Nerdrum sjølv meiner han er uskuldig, og har uttalt at han ikkje blir sett pris på i Noreg. Kunstekspertar meiner Nerdrum speler på offerrolla - trass at han står fjellstøtt i norsk kunsthistorie.

– Det er eit lite paradoks at Nerdrum klagar over manglande aksept i Noreg, samtidig som han er godt skrive inn i norsk kunsthistorie, meiner Erlend Høyersteen, direktør ved Kunstmuseene i Bergen.

Kunstnarmyten blir bekrefta

– «Mordet på Andreas Baader» er noko av det flottaste som er laga i Noreg dei siste 40 åra. Han har ein god posisjon blant både publikum, galleristar og i marknaden. Det kan verke som om han søkjer ein outsider-posisjon som han ikkje lenger har, seier Høyersteen.

Billetet er eit av dei mest kjente norske politiske kunstverk nokon sinne, og viser den tyske terroristen Andreas Baader, i Nerdrums framstilling som ein martyr som blir brutalt myrda. Det vakte sterke reaksjonar i både Noreg og Tyskland.

Øivind Storm Bjerke, professor i kunsthistorie ved Universitetet i Oslo, meiner kunstnarmyten blir bekrefta av denne saka.

– I alle fall frå hans perspektiv, ved at han opplever dette som ei form for forfølging, seier han til NRK.

– Marknadsverdien kan auke

Kunstkritikar i NRK, Mona Pahle Bjerke, meiner fengselsopphaldet kan påverke kunsten hans.

– Eg trur marknadsverdien til Odd Nerdrum kan auke av at han må i fengsel. Eit fengselsopphald kan bli sett på som litt mytisk og romantisk. Odd Nerdrum meiner han er dømt uskuldig, han kan dermed spela på ei slags offerrolle, seier ho.

At Nerdrum er kontroversiell, har ikkje noko å seie for kunsten hans, trur Høyersteen.

– Kunsthistoria er full av kontroversielle kunstnarar. Men det handlar om i kva grad han kan konsentrere seg om å produsere nye verk, med all kontroversen, meiner Høyersteen.

– Utfordra modernismen

Mordet på Andreas Baader (1977-1978)

Kunstekspertar framhevar 'Mordet på Andreas Baader' som noko av det viktigaste Nerdrum har bidratt med.

Foto: Astrup Fearnley Muséet for Moderne Kunst

Nerdrum har fått mykje kritikk for det mange meiner er konservativ kunst, inspirert av dei store målarane. Samtidig har han skapt furore med nakenportrett og sine tankar rundt kunst.

– Det viktigaste han har bidratt med er at han utfordra det modernistiske hegemoniet som dominerte på 50- og 60-talet i Noreg. Med sine tidlege verk utfordra han kunstdiskusjonen og -tenkinga. Han er ei viktig stemme for eit mangearta kunstbilete i Noreg, seier Erlend Høyersteen.

LES: – Kunsten overlever dommerne

Mona Pahle Bjerke framhevar også «Mordet på Andreas Bader» og ser på 70- og 80-talet som Nerdrums storheitstid.

– På denne tida hadde han ein langt meir mørk og surrealistisk fase. Mykje av det han har gjort i den seinare tid, har vore mindre interessant. Formutrykket er søtladent og oppløyst. Eg likar han best når han er på sitt mest bestialske, seier ho.

Samanliknar Nerdrum med Ai Weiwei

– Kunsten hans er menneskeleg, utan å unnskylde seg, i motsetnad til mykje av den moderne kunsten, som er svært intellektuell, seier John Seed, kunstprofessor ved Mt San Jacinto College og kunstbloggar i The Huffington Post.

Han drar parallellar til den kinesiske kunstnaren Ai Weiwei.

– Kunsten hans har alltid utfordra autoritetar. Denne saka kan gjere han til ein kunstnarisk martyr, meiner han.

– Han er kjent som ein individualistisk kunstnar over heile verda. Spør du amerikanske kunstinteresserte om dei kjenner til ein norsk kunstnar, er Odd Nerdrum det første dei nemner, seier han.

Mona Pahle Bjerke har inntrykk av at Nerdrum sel godt i USA.

– Odd Nerdrum er ein viktig kunstnar, men han er ikkje den viktigaste kunstnaren i Noreg, slik mange i kretsen rundt han likar å tru. Han er heller ikkje det første utlendingar nemner når ein seier ein kjem frå Noreg. Men for spesielt interesserte kan han vere stor, hevdar Bjerke.

Odd Nerdrum

- Odd Nerdrum er ikkje den viktigaste kunstnaren i Noreg, meiner NRKs kunstekspert.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix