Hopp til innhold

– Nerdrum er veldig glad og letta

– Dette er ein viktig delsiger, seier forsvarar Pål Berg etter å ha fått Høgsterett si avgjersle i dag. Odd Nerdrum får no saka si teken opp att i lagmannsretten.

Odd Nerdrum

I dag fekk Odd Nerdrum dommen frå Høgsterett, og kan gjere seg klar til å få saka prøvd for lagmannsretten på ny.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Advokat Pål Berg

Odd Nerdrum sin forsvarar, Pål Berg, meiner høgsterettsavgjerdsla er ein viktig delsiger for Nerdrum,

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Eg er veldig nøgd, dette var jo det optimale vi kunne oppnå, seier forsvarar Pål Berg.

Les heile dommen her.

I avgjersla skriv Høgsterett at grunnlaget for dommen i Borgarting lagmannsrett var mangelfulle, og at dei difor opphevar den.

Odd Nerdrum får no saka si teken opp på ny i lagmannsretten.

Nerdrum vart i lagmannsretten i juni dømt til to år og ti månader i fengsel for skatteunndragning.

– Glad og letta

Advokaten har ikkje fått snakke med Nerdrum, då han er i Frankrike, men dommen er formidla.

– Eg snakka med kona hans, og ho var veldig glad og letta, seier Berg til NRK.

Nerdrum er funnen skuldig i tingretten, og det er berre sakshandsaminga som har vore oppe i høgsterett, ikkje skuldspørsmålet.

– Dette betyr indirekte at langmannsretten sin dom er feil. Og dette er ein viktig delsiger, seier Berg.

Han kan ikkje sei noko om når saka vil komme opp på ny i lagmannsretten.

– Framleis ikkje tvil

– Påtalemyndigheitene tek dommen til etterretning, og konstaterer at høgsterett ikkje er nøgd med lagmannsretten si grunngiving for deira domsresultat, seier aktor, Erik Førde til NRK.

Nerdrum har heile tida hevda si uskuld, og meiner påtalemyndigheitene berre har teke det skattemyndigheitene seier til følge. Han meiner saka har vore handsama feil, og at opplysningane som vert brukte som bevis, ikkje stemmer.

– Etter vår oppfatning er det framleis ikkje tvil om at han har halde unna omsetning, han er uansett dømt i tingretten, og no er konsekvensen ei ny runde i lagmannsretten, seier Førde.

I fjor viste fleire saker i Dagbladet til at det er bevis som ikkje er førte for retten, og dei meinte å kunne bevise at Nerdrum har betalt skatt for deler av kravet han er dømt for.

Statsadvokat Erik Førde og advokat Pål Berg

Statsadvokat Erik Berg meiner det framleis ikkje er tvil om at Nerdrum har halde unna omsetning.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.