NRK Meny
Normal

Heather Mills hevdar ho vart avlytta

Heather Mills hevdar Mirror-journalist hacka seg inn på telefonsvararen hennar. Det trekkjer søkjelyset i avlyttingsskandalen mot Piers Morgan, tidlegare redaktør i Daily Mirror, News of the World og noverande CNN-vert.

BRITAIN-HACKING

Heather Mills hevdar at ho vart avlytta av ein journalist frå ei av avisene tilknytta Mirror-konsernet. Om det stemmer, gjeld ikkje avlyttingsskandalen berre News of the World, som var eigd av Murdoch.

Foto: STEPHEN HIRD / Reuters

Piers Morgan

Piers Morgan overtok som talkshow-konge på CNN etter Larry King. No vil politikarar at han skal kome heim til Storbritannia for å svare på spørsmål om hacking i Daily Mirror, der han var redaktør.

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters
Paul McCartney og hans tidligere kone Heather Mills

Heather Mills var gift med Paul McCartney mellom 2002 og 2008.

Foto: MARK LENNIHAN / AP
Rio Ferdinand

Fotballspelar Rio Ferdinand saksøkjer Sunday Mirror for artiklar om hans utanomekteskapelege forhold.

Foto: BEAWIHARTA / Reuters

Ein dag i 2001 la eksbeatle Paul McCartney igjen ei melding på telefonsvararen til sin dåverande kjærast Heather Mills. Seinare på dagen skal ein toppjournalist frå ei av avisene i The Mirror Group ha ringt Mills og sitert ordrett frå meldinga.

Det fortalde ho til BBCs Newsweek i går kveld.

Då ho spurde den ikkje namgitte journalisten korleis han eller ho visste om meldinga, skal journalisten ha innrømma å ha hacka svararen. Mills truga journalisten med å seie det til politiet og journalisten skal difor ha latt vere å bruke informasjonen.

LES OGSÅ: Slik styrer Murdoch mediebransjen

Søkjelyset tilbake på Morgan

Om Mills si forklaring stemmer betyr det at avlyttingsskandalen i Storbritannia breier om seg og omfattar fleire aviser enn nedlagde News of the World. Søkjelyset er med dette tilbake på Piers Morgan som var redaktør i Daily Mirror, ei av avisene i Mirror Group, på denne tida.

Ein talsmann for tv-programmet insisterer på at det ikkje er snakk om Morgan, ifølgje Sky News. Morgan er kjent som talkshow-vert på CNN, Idol-dommar og tidlegare redaktør i News of the World.

LES: Piers Morgan benekter telefonhacking

Men meldinga skal ha vore den same som Morgan seinare har innrømma å ha høyrt. Han skreiv om den i spalten sin i Daily Mail i 2006: «McCartney skal ha vore frå seg av einsemd og fortviling, medan Mills var i India. Han skal til og med ha brote ut i song med «We Can Work It Out» på svararen hennar», skreiv han.

– Var ikkje tilsett i Daily Mirror

Mills sa det ikkje var Morgan som var journalisten, medan BBC valde å anonymisere han eller henne. Likevel er det ikkje sikkert Morgan går fri. Han var redaktør i News of the World mellom 1996 og 1998 og deretter i Daily Mirror fram til 2004.

Morgan har i etterkant av News of the World-skandalen fleire gongar hevda at han ikkje visste om noko telefonavlytting, at han ikkje har gjort det sjølv eller har publisert artiklar som er basert på metoden.

– Heather Mills har kome med skuldingar som ikkje er stadfesta, om ein samtale ho skal ha hatt med ein seniortilsett i Trinity Mirror (eigarselskapet, journ.merkn.). BBC har stadesta at denne personen ikkje var tilsett i Daily Mirror. Eg kjenner ikkje til samtalar som tilsette i andre aviser i Trinity Mirror har hatt med Heather Mills, sa Morgan i ei pressemelding i går kveld.

Han sår tvil ved om Mills er truverdig, fordi ho med vilje lekte konfidensielle meldingar frå McCartneys telefon til media då dei skilde seg.

Fleire kjenner seg avlytta

David Cameron

David Cameron smilte ikkje like breitt som dette då han måtte forklare seg i Parlamentet om kva han visste om ulovleg avlytting i News of the World.

Foto: ANDREW YATES / AFP
Sven-Göran Eriksson

Sven-Göran Eriksson vart avlytta av News of the World. No trur hans tidlegare kjæraste at også Mirror-journalistar avlytta paret.

Foto: Alexandre Meneghini / AP

Så langt har avlyttingsskandalen i Storbritannia dreidd seg om Murdoch-eigde News International, spesielt skandaleavisa News of the World, som skal ha avlytta kjendisar, kongelege, pårørande til falne soldatar og terrorofre.

LES: – Avlyttet telefonen til pårørende etter London-bombingen

LES: Rebekah Brooks går av

Heather Mills er ein av dei meir enn tusen kjendisane avisa skal ha avlytta, og ho vurderer å saksøke dei skuldige.

No er altså også Mirror Group Newspapers i søkjelyset. Det er ein del av Trinity Mirror som eig over 260 titlar, inkludert Daily og Sunday Mirror, Daily Record og People. Avisgruppa hevdar at alle deira journalistar held seg til lovene og dei presseetiske standardane.

I BBC-programmet kom det også fram at fotballspelar Rio Ferdinand og programleiar Ulrika Jonsson skal vere avlytta av den same journalisten. Også Nancy Dell'Olio, den tidlegare kjærasten til Sven-Göran Eriksson, uttalte at ho kjende seg avlytta av The Mirror.

Ferdinand har saksøkt Sunday Mirror for omtale av hans utanomekteskapelege forhold i 2010.

LES: «Svennis»: - Jeg ble avlyttet

– Nye sterke bevis

Rupert og James Murdoch, Rebekah Brooks, samt statsminister David Cameron har måtte svare for seg i Parlamentet om telefonavlyttinga i News of the World.

LES: – Det er mye usannheter om meg og Cameron

LES: Cameron bortforklarer avisskandale

No vil fleire politikarar at Morgan skal kome tilbake til landet for å forklare seg.

Det konservative parlamentsmedlemet Therese Coffey, som er med i komitéen som undersøkjer avlyttingsskandalen, håpar Morgan vil sette seg på første fly for å gje meir informasjon i lys av «nye sterke bevis», ifølgje The Guardian.

Rupert Murdoch og Rebekah Brooks

Rupert Murdoch og Rebekah Brooks, tidlegare redaktør i News of the World, måtte svare for seg i parlamentet om ulovleg avlytting.

Foto: MAX NASH / Afp