– Lill-Babs kunne ha vore ei verdsstjerne

Artisten Barbro «Lill-Babs» Svensson er død, etter kort tid med sjukdom, melder Expressen. Den folkekjære songaren blei 80 år gammal. NRK-profil Andreas Diesen meiner ho kunne blitt ei verdsstjerne om ho hadde vore britisk eller amerikansk.

Lill Babs skriver autograf under Endelig Fredag

Den folkekjære artisten Lill-Babs blir hugsa som ein stor entertainer og eit varmt menneske. Ho blei 80 år gamal. Sjå bilete frå livet hennar.

Foto: Nils Åge Nonstad / NRK
Artisten Barbro «Lill-Babs» Svensson døde 3 april 2018, 80 år gammel.

Lill-Babs blei nyleg lagt inn på sjukehus med akutt hjartesvikt. Då oppdaga dei også at songaren hadde ein form for vondarta kreft.

Det var døtrene hennar, Monica Svensson, Malin Berghagen og Kristin Kaspersen som kom med dødsbodskapen på Instagram tysdag føremiddag

– Familien har vore rundt mamma kvar dag sidan ho kom til sjukehuset, og ho sovna stille inn i dag føremiddag. No kviler sjela hennar hos mamma Brita, skriv dei.

Lill-Babs fylte 80 år 9. mars. Men det blei ikkje noko av den planlagde feiringa då ho blei lagt inn på sjukehus få dagar før den store dagen.

Slo gjennom på 50-talet

Barbro Svensson blei fødd i Järvsö i 1938, og sidan 1950-talet har ho vore ein av dei mest folkekjære artistane i Sverige. Ho blei oppdaga av musikkprofilen Simon Brehm, som hjelpte henne i gang med karrieren.

I 1959 kom det store gjennombrotet med hitten «Är du kär i mig ännu Claes-Göran?». Ho deltok i den svenske Melodifestivalen tre gongar, i 1960, 1961 og 1973. Og i 1969 deltok ho også i den norske finalen av Melodi Grand Prix med melodien «Juksemaker Pipelort».

Lill-Babs deltok i den norske finalen i Melodi Grand Prix med melodi E: «Juksemaker Pipelort», skriven av Sigurd Jansen og Rolv Wesenlund.

I løpet av karrieren hadde Barbro «Lill-Babs» Svensson fleire show. I tillegg gjorde ho kabaretar, musikalar og teater. For tida er ho også å sjå på NRK i den svenske dramakomedien «Bonusfamilien», der ho spelar rolla som «Gugge», ei eldre lesbisk kvinne.

Noregsvenn

Lill-Babs og Kjell Kaspersen

Lill-Babs og Kjell Kaspersen gifta seg i 1969.

Foto: NTB scanpix

Lill-Babs hadde også eit nært forhold til Noreg. Og var ofte her i landet. I 1969 gifte ho seg med landslagsmålvakt Kjell Kaspersen i Oslo. Dei var gift i to år, og fekk dottera Kristin Kaspersen saman.

– Ho vil bli hugsa som ei flott kvinne, ein stor artist og ein fantastisk mor for vår dotter Kristin, skriv Kjell Kaspersen i ein sms til NRK.

Lill-Babs hadde ei rik karriere der ho blant anna også gjorde teater og revy, i tillegg til artistkarrieren. Åse Kleveland hugsar henne som ein hardtarbeidande artist som sto på til det aller siste.

– Eg trur ho har vore ein viktig person for mange. Ho har hatt slike menneskelege kvalitetar. Ho har stilt opp for folk, vore raus og hjelpt der det har vore behov. Det er rart å tenke på at ho no er borte. Samtidig er det viktig å feire eit fantastisk liv og ein fabelaktig artist.

– Frykteleg trist

Wenche Myhre kjende Lill-Babs i over 50 år, og jobba med henne første gong då ho var i tenåra. Ho seier til NRK at bodskapen kom som eit sjokk.

– Dette er berre heilt forferdeleg trist. Ho har liksom alltid vore der. Eg hadde gleda av å turnere med henne då eg var 16 år. Vi reiste i Europa, og det var den første store turneen. Seinare samarbeidde vi mykje.

Wenche Myhre, Lill-Babs og Siw MAlmquist

Wenche Myhre (t.v.) og Lill-Babs (midten) samarbeidde fleire gongar. Her er frå eit show dei hadde saman med Siw Malmquist (t.h.) på Børsen i Stockholm.

Foto: PRESSENS BILD / NTB scanpix

Myhre seier ho vil hugse Barbro «Lill-Babs» Svensson best for omsorga, gleda og galskapen.

– Eg hugsar då vi skulle opptre på Børsen i 1995. Det var henne i eit nøtteskal. Vi hadde prøver og skulle ete lunsj ute i salongane. Då tok ho fram støvsugaren og startar å støvsuge etter oss. Vi måtte le. Ho var ein einar i alt ho gjorde. Det er eit menneske eg kjem til å sakne veldig.

Kunne ha vore verdsstjerne

Forfattar og NRK-profil Andreas Diesen seier Sverige har mista ei av sine aller største og mest legendariske songstjerner. Hadde ho vore amerikansk eller britisk, ville ho ha vore ei verdsstjerne, trur Diesen.

– Ho var ein kjempeartist med ei fantastisk utstråling. Då Sammy Davis Jr. skulle opptre i Norden, sa han at dersom han skulle ha ein oppvarmingsartist, ville han ha Barbro. Så hadde ho kome frå ein annan stad, kunne ho fort ha vore ei verdsstjerne.

Lill-Babs og Jens Book-Jenssen

Lill-Babs var dronninga av svenske folkeparkar og ein Noregsvenn. Her er ho saman med Jens Book-Jenssen frå ein parkkveld på St. Hanshaugen i Oslo i 1979.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

Han seier det var stort då ei av dei største popstjernene i Sverige gifta seg med den norske landslagskeeperen i 1969. Men Lill-Babs var allereie ei stor stjerne i Noreg på det tidspunktet.

– Ho deltok i mange TV-program her i NRK. Første gongen ho var å sjå på norsk TV var i 1961. Då deltok ho i programmet Slagerparade med Erik Diesen der ho song «Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polka Dot Bikini».

I fjor blei Lill-Babs innlemma i Swedish Music Hall of Fame. Då var ho gjest hos Fredrik Skavlan. I det som blei eitt av hennar siste store intervju, snakka Lill-Babs blant anna om den livslange artistkarrieren, det å bli tenåringsmor og forholdet sitt til mora, Brita.

Kulturstrøm