– Langslet har sett djupe spor etter seg i politikken

Politikaren, forfattaren og akademikaren Lars Roar Langslet er død etter å ha vore sjuk i lang tid. Han blei 79 år.

Lars Roar Langslet

Lars Roar Langslet er død, etter lengre tids sjukdom.

Foto: Bergli, Sverre / Sverre Bergli, NRK

Lars Roar Langslet sat på Stortinget for Høgre i 20 år, og blei i 1981 den første norske kulturministeren i regjeringane til Kåre Willoch. Dette var ein post han hadde fram til 1986.

Som student var Langslet formann for Det Norske Studentersamfund i ein periode i 1960. Han var også redaktør for tidsskriftet Minerva i perioden 1957 til 1968. Langslet blei magister i idéhistorie og cand.philol i 1962.

Avskaffa NRK-monopolet

Kåre Willoch

Langslet har sett djupe politiske spor, seier Kåre Willoch.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Han starta si politiske karriere i 1968 som stortingsrepresentant for Oslo. I tida 1973 til 1980 var han formann i kyrkje- og undervisningskomiteen. Før han altså blei den første ministeren i det nyoppretta Kultur- og vitskapsdepartementet i 1981.

– Lars Roar Langslet var ein framifrå kulturperson og kulturpolitikar. Han sette djupe spor etter seg, seier Kåre Willoch om venn og tidlegare regjeringskollega.

Og han får støtte frå statsminister Erna Solberg.

– Lars Roar Langslet har påverka mange generasjonar Høgre-politikarar, seier ho til NRK.

Som kulturminister avskaffa Langslet NRK-monopolet 1981 ved å endre kringkastingslova, som opna for forsøksdrift av nærradioar i Noreg. Det førte til at det kom mange private radiokringkastarar utover 1980-talet.

Samarbeidsvilleg

Kjell Magne Bondevik var kyrkje- og undervisningsminister i Willoch-regjeringa frå 1983 til 1985. Han seier Langslet har vore veldig viktig for han, og at dei utvikla eit nært vennskap. Han tek dødsbodskapen tungt.

– Det var veldig fint å samarbeide med Langslet. Han forsto andre meiningar og andre parti. Sjølv om vi tilhøyrte to ulike parti, delte vi mange av dei same verdiane, seier Bondevik.

Han besøkte Langslet sist for eit par veker sidan, og skulle avtale nytt besøk i dag.

Høgre-ideolog

Hallvard Notaker, forskar Forum for samtidshistorie.

Hallvard Notaker har skrive Høgre si historie.

– Langslet var ein av dei viktigaste ideologane for Høgre i andre halvdel av det 20. århundret, seier historikar Hallvard Notaker, som har skrive Høgre si historie.

Langslet blei tidleg viktig for det konservative studentmiljøet i Oslo, og ei av drivkreftene i tidsskriftet Minerva.

– Langslet var med å utforme ein ny høgrepolitikk med eit grunnleggande konservativt syn på politikk, inspirert av tankar frå Storbritannia og Vest-Tyskland. Dette blei til slutt fundamentet for Høgre under Willoch, seier Notaker.

Forfattaren

Etter at han ga seg i politikken, var han kulturdirektør i Oslo i eitt år. Seinare blei han skribent i Aftenposten. Han var også medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur, og var preses for akademiet i 1995 til 2011.

I jubileumsåret 2006 for Henrik Ibsens død var Langslet leiar for Nasjonalkomiteen for Ibsensatsingen.

Langslet hadde også ein omfattande produksjon av fagbøker og biografiar. Han skreiv mellom anna bøker om Holberg, Christian IV, John Lyng og Olav V. Rett før han døydde ga han ut boka «Søkelys», som var ei samling med essays, portrett og artiklar. Langslet var også ein viktig bidragsytar til Norsk biografisk leksikon.

Kulturstrøm

  • Cox til Norge med nytt show

    Den britiske partikkelfysikeren Brian Cox skal holde et nytt vitenskap-show neste høst i Norge. I fjor ble showet hans på Sentrum Scene i Oslo utsolgt. Cox er kjent for en rekke vitenskapsprogrammer på BBC, blant annet «Wonders of the Solar System». Forestillingen har fått tittelen «Universal: Adventures in Space & Time» og handler ifølge arrangørene om solsystemet og universets opprinnelse og evolusjon. (NTB)

    Brian Cox
    Foto: Alex Sanz / NTB Tema
  • Museum tener mest på fest

    På Jernaldergården i Stavanger har utleiga auka med 650 prosent i år, og folk står i kø for forhistoriske festar. Utleige av selskapslokale drar inn sårt trengde millionar til norske museum. Leiaren i Museumsforbundeter redd eit for stort fokus på kommersielle aktivitetar kan få negative konsekvensar.

  • Jan Kristoffer Dale får ny pris

    Dale får Aust-Agders kulturstipend 2018 på 50.000 kroner for novellesamlingen «Arbeidsnever», skriver Kolon forlag i en pressemelding. Dale har mottatt flere priser og utmerkelser for debutboken fra 2016, blant annet Tarjei Vesaas' debutantpris. Den handler om mennesker som faller utenfor samfunnet, og for eksempel ikke får fast jobb, sliter på skolen eller ikke klarer å komme seg inn på boligmarkedet. Et tydelig fortellertalent, mente NRKs bokanmelder.

    Jan Kristoffer Dale
    Foto: Kjersti Sletteskog

Flere kulturnyheter