Hopp til innhold

– Kunstmarknaden flyt over av forfalska materiale

Kunst har blitt forfalska så lenge det har eksistert ein kunstmarknad, men problemet er aukande, ifølgje forskar.

Stilleben med frukt med merka detalj

FUNNET: Måleriet «Stilleben med frukt» er måla av Balthasar van der Ast i Nederland på 1600-talet. Kunstverka hans er framleis svært ettertrakta. Denne detaljen avslørte at måleriet var delt i to.

Foto: Børre Høstland / Nasjonalmuseet

Josephine Munch Rasmussen forskar på kunstkriminalitet ved Universitetet i Agder.

– Kunst- og antikvitetsmarknaden flyt over av stelt, forfalska og ulovleg materiale, seier ho etter at Nasjonalmuseet oppdaga at eit 400 år gamalt måleri var delt i to.

Museet veit ikkje kven som står bak og kvifor, men hovudteorien er at dette er gjort ein stad mellom 1600 og 1824 for å selje måleriet som to verk, og dermed tene meir pengar.

– Her kan det verke som om måleriet er ekte, men at delar av kunstverket har blitt manipulert, seier Munch Rasmussen ved Universitetet i Agder.

Josephine Munch Rasmussen

FORSKAR: Josephine Munch Rasmussen er postdoktor ved Universitetet i Agder. Ho forskar mellom anna på forfalsking av Dødehavsrullar.

Foto: Birgit Solhaug

Forskaren følgjer kunst- og antikvitetsmarknaden nøye, og peikar på ein auka etterspurnad etter forfalska og stelt materiale.

– Tidlegare har ikkje kunst vore tilgjengeleg for alle. No er heile marknaden meir demokratisert i den forstand at kven som helst kan samle på alt og at mykje blir seld på nett. Det er naturleg at forfalsking og tjuveri aukar i takt med at marknaden blir meir omfattande. Marknaden blir drive av etterspurnad og pris, og det gjer også tilbodet av forfalska og stelt materiale.

Ho meiner at måten kunstmarknaden er bygd opp på, kan forklare kvifor ein ser mange tilfelle av forfalsking. For eksempel er det vanleg med hemmeleghald av eigarskap.

– Ein lite transparent marknad egnar seg for økonomisk kriminalitet og kvitvasking av pengar.

Økokrim har tidlegare peika på mørketal bak kunstkrimininalitet-statistikken.

Det er i prinsippet ikkje ulovleg å øydeleggje eit kunstverk, så lenge du er eigaren, men dersom du endrar verket og så gjer det tilgjengeleg for allmenta, kan det stille seg annleis.

Forskjell i pris

Måleriet «Stilleben med frukt» hadde vore i Nasjonalmuseets eige i 200 år før den avsagde kanten vart oppdaga.

Ved ei avkutting er det viktig at kunstverket verkar så ekte som mogleg for å oppnå ein høg pris. Når det gjeld måleriet i Oslo, kan dette ha blitt gjort ved å måle over kanten. Ingen visste at dette eigentleg var eit ufullstendig måleri.

Martine Lambrechtsen

SELDE BIT NUMMER TO: Martine Lambrechtsen er avdelingsdirektør for eldre kunst ved Sotheby's i Amsterdam.

Foto: EmmilyB

No har museet klart å spore opp den andre delen i Tyskland. Denne er også fiksa på. I motsetnad til måleriet i Oslo er denne merka som «eit fragment», utan at ein har visst kva større måleri det høyrde til.

Auksjonshuset Sotheby's stod for salet av fragmentet i 2010. Martine Lambrechtsen, avdelingsdirektør for eldre kunst ved auksjonshuset, skriv i ein e-post til NRK:

– Sidan vi visste at dette ikkje var eit heilt måleri, prissette vi det lågare. Generelt har ein bit av eit måleri betydeleg mindre verdi enn eit originalmåleri.

"Stilleben med frukt" av van der Ast før konservering

FØR REINSING: Ei vakker fruktkorg plassert på eit bord. Ingenting muffens ved dette.

"Stilleben med frukt" av van der Ast etter reins

ETTER REINSING: Blassare i fargane og synleg slitt. Ytst i høgre kant kjem nye detaljar til syne, som...

Delt blomsterblad

DETTE: Ein flik av eit blomsterblad. Kvar er blomstrane? Og...

Det delte måleriet

DETTE: Delte kirsebær...

Sagtenner på delt måleri

... og SAGTENNER: Bittesmå merke i kanten av Nasjonalmuseets måleri.

– Ei åtvaring

Nasjonalmuseet klarte å spore opp den andre halvdelen av måleriet med internasjonal hjelp frå Peter van den Brink, som er direktør ved Suermondt Ludwig Museum i Tyskland.

Han jublar over funnet og oppklaringa, men er svært kritisk til praksisen med å kutte kunst i to for større profitt.

– Det er fantastisk at måleria blir ført saman igjen. Samtidig er funnet ei klar åtvaring og påminning til kunstmarknaden om at dette framleis skjer, seier han.

Peter van den Brink

HJELPAREN: Peter van den Brink hjelpte Nasjonalmuseet med å foreine to måleri til eitt.

Foto: Patrick McMullan

Peter van den Brink har oppdaga fleire liknande tilfelle; det siste så nyleg som i 1996. Eit van der Ast-måleri dukka først opp på ein auksjon, deretter, nokre år seinare, i to bitar på ulike auksjonar.

Peter van den Brink trur at det finst mange fleire avkappa måleri der ute, men at mange av desse er gøymd hos samlarar som ikkje har interesse av å stå fram.

Han har likevel håp om at fleire avkappa måleri blir oppdaga ved hjelp av ny teknologi.

– På 1600-talet var det nesten umogleg å finne ut om eit bilete var delt. I dag kan vi for eksempel ta røntgenbilete som avslører om eit måleri har blitt måla over eller ikkje.

Nasjonalmuseet jobbar med å finne ut når måleriet vart delt og av kven.

Det er svært sjeldan at to skilde måleri blir foreina igjen etter så lang tid. I 2020 får publikum sjå dei hengje side om side i det nye Nasjonalmuseet.

Nasjonalmuseet har laga denne rekonstruksjonen som viser korleis måleriet eigentleg såg ut:

Rekonstruksjon av van der Ast-måleri saman
Foto: Børre Høstland / Nasjonalmuseet

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.