Hopp til innhold

– Klassiskutøvarar må lære av popkonsertar

– Klassiske musikarar har mykje å lære av korleis pop- og jazzmusikarar tenkjer om sitt publikum, seier kjent britisk musikkpsykolog.

Karpe Diem med publikum

Vår tids publikum søkjer ein relasjon til utøvaren, seier musikkpsykologen John Sloboda. Her Karpe Diem under P3Sessions i hagen til Chirag Patel.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

Musikkpsykologen John Sloboda poengterer at publikum i vår tid søkjer ein relasjon til utøvaren, og vil ha noko nytt, personleg, uføreseieleg og engasjerande. Pop- og rockekonsertar skårar generelt bra på dette, medan klassiske konsertar gjerne vert oppfatta som det motsette – særleg av eit yngre publikum.

– Klassiske musikarar har mykje å lære av korleis pop- og jazzmusikarar tenkjer om sitt publikum, seier John Sloboda til NRK.

– Popmusikk er vanlegvis ny, den er personleg, uføreseieleg, og inviterer til engasjement. Eit av dei mest påfallande kjenneteikna som skil ein popkonsert frå ein klassisk, er kor aktive publikum er, både fysisk og vokalt. Vi treng å finne ein passande måte å ta dette tilbake til klassisk musikk. Folk snakka jo under konsertane på 1800- og 1900-talet, det er ikkje noko tabu!

Mista 30 % av publikum på 25 år

Denne veka held Norges musikkhøgskole nordisk høyrelærekonferanse, og John Sloboda, ein av verdas fremste musikkpsykologar, heldt opningsforedraget onsdag. Han forskar på forholdet mellom musikarar og publikum, ved Guildhall School of Music and Drama i London.

Sloboda tok utgangspunkt i NEA (National Endowment for the Arts) si amerikanske undersøking frå 2008, som viste at klassisk musikk hadde mista 30 % av sitt publikum i løpet av 25 år – ein nedgang ein ikkje finn innan andre kunstformer.

Sloboda teikna vidare opp dei fire dimensjonane som definerer kvaliteten på ei konsertoppleving for vår tids publikum: Er musikken som blir spelt etablert eller ny? Er konserten føreseieleg eller uføreseieleg? Er uttrykket personleg eller upersonleg? Vert det lagt opp til at publikum skal vere aktive eller passive?

John Sloboda

John Sloboda er det største trekkplasteret under Musikkhøgskolens høyrelærekonferanse denne veka.

Foto: Fred-Olav Vatne / NRK

– Nervøsiteten hemmar musikarane

Eit underliggjande problem innan klassisk musikk er ifølgje Sloboda ein overdriven ærefrykt for komponistens intensjonar. Det medfører at ein kjenner sterkare forpliktingar overfor komponisten enn overfor publikum – ei haldning som oppstod mot slutten av 1800-talet og vart skuledannande for musikkonservatoria.

– Noko som verkeleg hemmar musikarar, er den overdrivne nervøsiteten for å gjere ein feil, seier Sloboda.

– Den distraherer dei frå andre viktige ting, som å formidle ein bodskap, vere merksam overfor publikum og vere følsam for det som skjer. Toppmusikarane klarer dette, men dei unge musikarane ved konservatoria er ofte så bekymra for å gjere feil at dei andre faktorane kjem i bakgrunnen.

– Vi må legge bort den olympiske haldninga

Musikkpsykologen synest også det er problematisk at unge musikarar ofte spelar musikk som ligg på grensa av kva dei får til teknisk.

– Ein kan ikkje fokusere på formidling når ein strevar med notane. Dei burde spele litt mindre krevjande musikk. Vi må av og til legge bort denne olympiske haldninga til musikk, der ein alltid må spele noko raskare eller vanskelegare enn alle andre. Det finst andre dimensjonar å utmerke seg i enn dei atletiske.

Sloboda trur publikum søkjer noko anna enn teknisk perfeksjon:

– Publikum vil ha noko ekte, dei vil sjå noko i framføringa som viser at musikken betyr noko for utøvaren, og at det betyr noko å spele den for dei. Dei vil oppnå kontakt – ikkje berre med musikken til nokon som døydde for 200 år sidan, men med musikaren, no, som seier «lytt til denne musikken, det er viktig, den er verdifull – eg vil at du skal høyre den!»

– Eg har mykje håp

John Sloboda hevdar at ingenting frå hans forskarerfaring tyder på at det er den klassiske musikken som er problemet – det er innpakninga det er noko feil med. Han trur løysingane ligg i å tilføre konsertane dei dimensjonane publikum i vår tid søkjer.

Mellom verktøya han omtalte i foredraget var større bruk av improvisasjon, konsertar på mindre formelle arenaer som klubbar, høve til å møte musikarane etter konserten og å la konsertprogrammet vere ukjent før konserten.

– Eg har mykje håp, for eg ser mange profesjonelle musikarar som utfordrar og eksperimenterer med ulike ting. Det institusjonar og konsertarrangørar kan gjere, er å ta ein sjanse og satse på dei.

Sloboda trur dei sentrale aktørane tek større risiko ved å halde fast på dei etablerte formene:

– Viss ein ikkje gjer noko og stolar på gamle modellar, vil kanskje nedgangen i publikum halde fram til det ikkje er publikum att. Slik sett er innovasjon og eksperimentering absolutt naudsynt.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober