Hopp til innhold

– Historia om Nansen må skrivast om

Fridtjof Nansen har blitt hylla som ein god leiar, som gjorde gode førebuingar før ferda mot Nordpolen. Det stemmer ikkje ifølge direktør ved Frammuseet, Geir Kløver.

Fridtjof Nansen

Fridtjof Nansen i sin lugar på polarskuta Fram.

Foto: (C) NASJONALBIBLIOTEKET/FRAMMUSEET

Geir Kløver

Geir Kløver er direktør ved Frammuseet.

Foto: Helga Tunheim

Sanninga er at arbeidsmiljøet på Fram var skikkeleg dårleg, og det var flaks som gjorde at Nansen nesten nådde Nordpolen og ikkje omkom i isøydet i staden.

Det meiner direktør ved Frammuseet Geir Kløver, som også er redaktør for eit nytt stort bokverk om Fridtjof Nansen.

I det omfattande bokverket på 5000 sider fordelt på åtte bøker blir dagbøkene til heile mannskapet på Fram presentert for fyste gong.

Arbeidet med å reinskrive fleire tusen handskrivne sider har tatt meir enn ti år.

– Kvifor må vi skrive om historiebøkene?

– Det er fordi dagbøkene til både Nansen og ekspedisjonsmedlemmane ikkje heilt stemmer med det som er publisert av biografiar og historiske forteljingar om ekspedisjonen så langt. Dagbøkene fortel om detaljar, konfliktar og førebuingar som ikkje er beskrive godt nok i norsk polarhistorie så langt, seier Kløver.

Polarskipet Fram med vindmølle på

Polarskuta Fram med vindmølla, som gav straum til lyspærene ombord. Dette var viktig for motivasjonen gjennom vintrane.

Foto: (C) NASJONALBIBLIOTEKET/FRAMMUSEET

– Nansen gav seg sjølv mykje av æra

– Kva slags ny kunnskap har overraska deg mest i arbeidet med dagbøkene?

– Det som skuffer meg mest etter å ha lest om Nansen sidan eg var gut, er at dei nok ikkje var så godt førebudde som det vi skal ha det til og som vi har skrytt på oss i over 100 år.

– Nansen var heller ikkje den solide, hyggelege leiaren om bord på ekspedisjonen, tvert om skapte han stor frustrasjon mellom mennene.

Kløver meiner det aller viktigaste som er gjort av funn nå er kor viktige dei tolv andre mennene om bord var for gjennomføringa av ekspedisjonen.

– Dei jobba knallhardt under ekstreme forhold og står for ein stor del av resultata. Og dei er nesten ikkje nemnde i norsk polarhistorie i det heile tatt.

– Er det Nansen si skyld?

– Ja i stor grad er det Nansen si skyld fordi han gav mykje av æra til seg sjølv. Med informasjonen som ligg føre nå kan ein skrive om den første Fram-ferda på ein måte der alle deltakarane får sin plass og arbeidet dei andre gjorde får stor betydning, seier Kløver.

Heilt ulik verkelegheitsoppfatning

Fridtjof Nansen og Hjalmar Johansen på vei til Nordpolen

Fridtjof Nansen og Hjalmar Johansen gjekk den siste etappen frå Fram og mot Nordpolen saman. Dei delte til og med sovepose. Men dei hadde særs ulik oppfatning av kva som skjedde.

Foto: (c) Nasjonalbiblioteket/Frammuseet

Det var Fridtjof Nansen og Hjalmar Johansen som gjekk saman frå Fram og mot Nordpolen. Dei delte til og med sovepose undervegs for å halde varmen. Dei to kom aldri fram til Nordpolen. Dei kom til 86’14N som var rekord på den tida.

– I boka blir Nansen og Johansen sine dagboknotat presentert parallelt slik at det er lett å samanlikne. Og dei har ikkje heilt same oppfatning av kva som skjedde. Medan Nansen synest 17. mai 1895 er hyggeleg og harmonisk, så synest Hjalmar Johansen det er den verste 17. mai i manns minne.

Kulturstrøm

  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.