Hopp til innhold

– Har aldri fått så god respons i heile mitt liv

Å sjå Moria-leiren stå i brann på Dagsrevyen i september, gjorde så sterkt inntrykk på artisten Bugge Wesseltoft at han måtte gjere noko. Det har resultert i ei heilt spesiell plateutgjeving med 32 artistar.

Lesvos

Etter brannen i Moria-leiren i september låg tusenvis av barn og vaksne gatelangs på Lesvos.

Foto: UNITED NATIONS HIGH COMMISSION FOR REFUGEES / EBU/CHHCR

– Det rant berre heilt over for meg når eg såg dei bilda, og barna som låg rett på bakken. Ein kjenner på den avmakta når ein sitt her i verdas beste land. Eg ønska å gjere noko.

Bugge Wesseltoft

Jazzpianisten Bugge Wesseltoft seier han aldri har fått så mykje respons på noko han har gjort nokon som då han spurte musikarkollegaer om dei vill bli med i prosjektet.

Foto: Lokman Ghorbani

Wesseltoft tok først kontakt med fotograf Knut Bry og lurte på om han ville vere med. Den tidlegare motefotografen Knut Bry har budd på Lesvos frå og til i fire år og jobba på kjøkkenet i flyktningleiren Pikba. Han har også teke ein god del bilde både ifrå Moria-leiren og Pikba.

LES OGSÅ: Livet etter Norge

Saman sette Wesseltoft og Bry opp ei liste med artistar dei hadde lyst å spørje. Deriblant spurte dei Kari Bremnes, Bjørn Eidsvåg, Ane Brun, Sondre Lerche, Mari Boine og mange fleire.

– Eg har aldri fått så god respons på noko eg har gjort i mitt liv trur eg. Alle ville vere med. Eg trur alle kjente på den same følelsen som meg sjølv.

Alle artistane kasta seg rundt, booka studio og gjorde det som måtte til for å lage ei låt til albumet. På halvanna månad har det resultert i ei 130 siders bildebok, og eit dobbeltalbum med 32 låtar.

Håp - Musikk for medmenneskelighet

Knut Bry har teke alle bilda i boka «Håp - Musikk for medmenneskelighet».

Foto: Knut Bry

– Det har jo blitt mykje større enn eg har våga å håpe på. Det er berre ein heilt utruleg innsats frå alle. Eg blir verkeleg rørt, seier Wesseltoft.

Ingrid Olava, som er ein av artistane Bugge Wesseltoft tok kontakt med, har laga singelen «Paradise» til dobbeltalbumet.

– Det var ein song eg dreiv å skreiv på frå før. Men det var først når førespurnaden frå Wesseltoft kom at teksten ramla på plass.

For Ingrid Olav er det godt å kunne bidra litt.

Ingrid Olava

Ingrid Olava seier ho er takknemleg for å kunne bidra med ein song.

Foto: Lokman Ghorbani

– Eg trur alle blir lei seg av den følelsen av avmakt. Det er jo forferdeleg for dei folka som ikkje får den hjelpa dei treng, og så er det innmari kjipt for oss som berre sitt her og lar dette skje. Eg er takknemleg for at eg kan bidra med ein song. Det er betre enn ingenting.

Saman med designar Rune Mortensen har Knut Bry laga bildeboka «Håp - Musikk for medmenneskelighet» med bilde fra Moria-leiren og Pikba. Alle bilete er knipsa av Knut Bry.

Knut Bry

Tidlegare motefotograf Knut Bry har budd og arbeidd på Lesvos i tilsaman to år.

Foto: Lokman Ghorbani

– Eg syns det er eit eineståande prosjekt og det er heilt fantastisk kor mange som har stilt opp og gitt si tid og sin musikk til prosjektet. Eg håper så mange som mogleg vil sjå boka, kjøpe den og støtte organisasjonane, seier Bry.

Alt overskotet frå utgjevinga, som kjem i sal i starten av desember, går til organisasjonane Kitrinos Healthcare og Lesvos Solidarity. Organisasjonar Wesseltoft meiner er gode, og der pengane går rett til flyktningane.

– Eg er enormt glad for at vi fekk det til. Nå håper eg berre nordmenn ville vere med å bidra, seier Wesseltoft.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.