Hopp til innhold

– Groteskt snobbete og nedlatande

Anders Heger hyllar 40 år gamle «kulturkvinner» med lilla kle og smykker. Forfattar Tomas Espedal vil ha dei ut av litteraturhusa.

Video Espedal og Heger om kulturmenneske

SJÅ: Heftig debatt i Dagsnytt18 mellom Anders Heger og Tomas Espedal om kulturmenneske. Programleiar: Anne Grosvold.

Tomas Espedal vil ha litteraturhus i Bergen, men fryktar at «kulturmenneska» med mykje pengar tek opp plassen til studentar og forfattarar, og vil helst stue dei vekk i eit kulturhus.

– Samle dei på ein plass

– Dei skulle hatt sitt eige kulturhus, slik at ein kunne samle dei på ein plass. Når du endeleg har fri og skal ta ein øl, så finst dei på restaurantane også. Det verste er at dei tek opp plassen til dei som har noko å gjere i eit litteraturhus, sa han i Dagsnytt 18 i går.

Tomas Espedal

Tomas Espedal angrip menneska som går på Litteraturhuset i Oslo. - Dei stengjer ute dei som har noko der å gjere, meiner han.

Foto: Helge Skodvin / Gyldendal Norsk Forlag

Forleggar Anders Heger er provosert over utspelet som han kallar «nedlatande» og «groteskt snobbete».

– Det er frykteleg nedlatande og ein klisjé som herskar i kulturlivet om den typiske eldre kvinna som les bøker, kledd i lilla gevantar og med smykker rundt halsen, sa han i debatten i Dagsnytt 18.

– Fortener respekt

Debatten starta med at Espedal i ein kronikk i Bergens Tidende kritiserte planane om ei litteraturhus i Bergen. Anders Heger svarte i Dagsavisen denne veka.

– Dette er folk som har halde den norske kulturen i live så lenge eg har levd. Dei menneska fortener voldsom respekt, ikkje ei nedlatande «dei menneska treng vi ikkje»-haldning, tordnar han.

– Kulturmenneska er dei som er overalt der kulturen er, det er dei som går på konsertar, forklarar Espedal om den ironiske termen han brukar, før Heger skyt inn:

Det er dine eigne lesarar du snakkar om. Du seier at dei skal samle seg ein stad slik at ein slepper å sjå dei. Dette er så nedlatande, det er så groteskt snobbete overfor dei som faktisk driv kulturen framover.

Anders Heger

– Lovtale til kvinner over 40 år

– Du burde jo vore forfattarar, det er ein lovtale du skriv til kvinner over 40 år, seier Espedal og viser til kronikken til Heger i Dagsavisen.

– Det er «kulturmenneska» med pengar som utestengjer studentar og forfattarar utan så mykje pengar. Det blir for dyrt for dei, hevdar Espedal.

Han meiner også at leiga er for dyr til at småforlag kan bruke Litteraturhuset i Oslo.

– Sånn som det ser ut no, så kunne dei kalla det ei kulturhus, eit debatthus eller eit horehus, seier Espedal.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kva synest du om utspelet til Espedal? Kven bør få plass i eit litteraturhus?

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP