Hopp til innhold

– God ESC-trekning for Noreg

Det norske bidraget i Eurovision Song Contest (ESC) får dansk og australsk motstand i semifinalen. Det kan vere ein fordel, meiner den norske Grand Prix-klubben.

Måns Zelmerlöw

Svenske Måns Zelmerlöv vann ESC i Wien i fjor.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

I dag blei semifinalane til ESC trekte i Stockholm. Noreg skal, i år som i fjor, delta i den andre semifinalen, som blir avvikla i Stockholm torsdag 12. mai. Her møter det norske bidraget blant andre Australia, som skal vere med i konkurransen for andre gong.

Populært i Australia

Guy Sebastian i Eurovision Song Contest

Australske Guy Sebastian kom på femteplass i Wien i fjor.

Foto: Kerstin Joensson / Ap

ESC har blitt ei av dei store tv-sendingane i Australia, og i samband med 60-årsjubileet for konkurransen i fjor, blei dei invitert til å delta. Guy Sebastian blei direkte plassert i finalen, og kom på femteplass. I år må dei altså gjennom ein semifinale.

I tillegg til Australia skal Noreg også møte Danmark og landet med flest sigrar i ESC, Irland, i semifinalen. Irland har vunne sju gongar, medan vertskapet Sverige med sine seks sigrar ligg som nummer to på lista.

Men det norske bidraget skal også bryne seg på deltakarland som Ukraina, Kviterussland og Albania i semifinalen. Det har fleire gongar kome skuldingar om at naboland stemmer kvarandre fram, og at samansetninga i semifinalane difor har mykje å seie for om deltakarar går vidare eller ikkje.

– Fordel for Noreg

Morten Thomassen i den norske Grand Prix-klubben har trua på at det som måtte bli det norske bidraget i år.

Morten Thomassen

Morten Thomassen i den norske Grand Prix-klubben har god tru på norsk finaleplass.

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

– Eg er godt nøgd. Vi kom i siste semifinale saman med våre gode vener frå Danmark. Vi slapp også mange av dei austeuropeiske landa som Armenia, Aserbadsjan og Russland som alltid klarer å ta seg til finalen. Eg går ut frå at vi skal klare å bli blant dei ti beste låtane i vår semifinale.

I tillegg til dei ti beste låtane frå kvar semifinale, er vertslandet Sverige direkte kvalifisert til finalen. Det er også Frankrike, Tyskland, Spania, Storbritannia og Italia. Dei blir kalla dei fem store fordi dei er dei største bidragsytarane økonomisk, og er difor direkte kvalifiserte.

Finalen blir i år arrangert laurdag 14. mai i Stockholm. Kva som blir det norske bidraget blir avgjort 27. februar.

Full liste ESC 2016

Slik skal semifinalane i ESC 2016 gjennomførast.

Foto: SVT

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober