Hopp til innhold

– Forført til å tru på kjærleiken

Ti tusen har tenkt seg til Operaen dei næraste vekene for å sjå og høyre Richard Wagners firetimars kjærleiksdrama «Tristan og Isolde». – Musikken forfører oss til å tru på draumen om den store kjærleiken, seier NRKs musikkmeldar Ragnhild Veire.

Tristan og Isolde

Richard Waagner kjærleiksdrama Tristan og Isolde har premiere på Den norske opera og ballett

Foto: Erik Berg

Søndag er det premiere på Richard Wagners opera Tristan og Isolde på Den norske opera og ballett.

Tristan og Isolde er slett ikkje den lengste av operaene til Richard Wagner (1813–1883), men uinnvigde stiller seg nok likevel undrande: Korleis held ein ut timevis med opera av den massive og mytiske sorten?

– Wagner gir publikum opplæring undervegs, seier Paul Kirby, assistent for leiinga ved Operaen og ein av dei som held foredrag om Tristan og Isolde før søndagens premiere. Han forklarer kva som held publikum spikra til seta i timevis utan at dei keiar seg.

Les handlinga i operaen: Richard Wagner: Tristan og Isolde

– Installerer eit forhold mellom musikken og personen

Paul Kirby

Paul Kirby.

Foto: Fred Olav Vatne

Kirby forklarer korleis Wagners bruk av såkalte leiemotiv, musikalske tema som representerer ein person, ting eller situasjon i handlinga, hjelper publikum til å orientere seg i forteljinga:

– Når ein tidleg i operaen høyrer det same musikaske temaet fleire gongar i samband med ein av personane i handlinga, installerer korttidsminnet eit forhold mellom musikken og personen, seier han.

– Seinare i operaen kjem så personen tilbake – men i staden for det første temaet, kjem til dømes temaet til ein annan person i handlinga, eller dei to temaene blanda saman; eller han legg nye harmoniar på temaet.

– Slik introduserer han nye forbindelsar og element i historia – han går på ein måte inn i hjernen og juksar med minna dine.

– Skaper ei heilt annleis tidsoppfatning

Amerikanske Paul Kirby har ikkje sunge Wagner-opera sjølv, men komponisten var sentral då han oppdaga opera som 22-åring, på studietur i London i 1986:

– Kvelden før var eg på Rossinis «Barberen i Sevilla», og følte at eg trengte pausane undervegs til å ta meg inn. Så eg lurte veldig på korleis det skulle gå på Wagners «Parsifal», som skulle vare sju timar frå start til slutt, pausar inkludert.

– Då dei sju timane var over, tenkte eg at hadde dei starta frå byrjinga igjen no, hadde eg vorte med vidare! Det er rart kor raskt tida eigentleg går under ein Wagner-opera, han skaper ei heilt annleis tidsoppfatning.

Kirby understrekar like fullt at det stiller visse krav til publikum å bli fenga av Wagner:

– Ein treng ikkje vere særskilt intelligent, men ein må kome med eit ope sinn. Dersom ein gjer seg tilgjengeleg for musikken, vert ein rikeleg lønt.

Draumen om kjærleik

Ragnhild Veire

Ragnhild Veire.

Foto: Ole Kaland / NRK

– Eg er glad i Tristan og Isolde fordi musikken får meg til å tru på draumen om den store kjærleiken, seier Ragnhild Veire, musikkmeldar i NRK.

– Eg trur operaens suksess botnar i dette. Den universelle draumen om å bli eitt med Den Andre gjennom Den Store Kjærleiken. Eg seier draum, fordi denne operaen mildt sagt har lite ytre handling. Dette er eit kjærleikens psykodrama med døden som bakteppe, seier Ragnhild Veire.

Milepæl i musikkhistoria

Richard Wagner skreiv Tristan og Isolde på slutten av 1850-talet, og verket hadde premiere i München i 1865. Den første mottakinga var temmeleg blanda, men stemninga snudde etter kvart – i dag vert operaen rekna som ein av dei viktigaste milepælane i musikkhistoria. Særleg forspelet bana veg for modernisme og tolvtonemusikk, som slo ut i blomst først på 1900-talet.

Les: Wagner for dummies

Historia om dei to ulukkelege elskande er likevel mykje eldre enn operaen, dei første versjonane av legend er frå 1100-talet og det oppstod ulike versjonar over heile Europa. Legenda har vorte omtalt som ei av tidenes største kjærleikshistorier og avlar stadig nye versjonar – det siste tiåret kom det til dømes ein fransk teiknefilm og ein påkosta kinofilm basert på historia.

Sjå klipp frå teiknefilmen «Tristan & Isolde»:

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)