– Dette er fyrste sendinga eg føler eg er på djupt vatn, seier Stjernekamp-aktuelle Marius Roth Christensen.
Denne veka skal nemleg han og resten av «Stjernekamp»-artistane synge hip-hop. Skal ein tru Christensen blir dette den artigaste sendinga hittil – både for dei og for publikum.
– Eg har aldri rappa før, og eg vil ikkje beskrive meg sjølv som ein god hip-hop-songar, seier han med stor grad av sjølvironi.
– Samtidig likar eg litt «edge» og at ting er ferskt. Eg likar å kjenne at eg er på kanten av stupet, og føretrekker å lage mitt eiga uttrykk og min eigen stil.
FRÅ OPERA TIL HIP-HOP: I likskap med opera må ein flyte oppå og flyte rytmisk i hip-hopen, ifølgje Marius Roth Christensen. Her avbilda under prøvene.
Foto: Ulrik Kramer / NRKRockeartist og operastjerne
Han har definitivt køyrd sin eigen stil.
Han er både gitarist i rockebandet Seigmen, og solist i Den Norske Opera. To forskjellige sjangrar, men for Christensen har det aldri vore noko skilje.
– Eg har berre drive med musikk eg, seier han lett.
For samtidig som han gjorde stor suksess med Seigmen på starten av 90-talet, studerte han også på musikkonservatoriet.
ROCK'N ROLL: Marius Roth Christensen med Seigmen på Steinkjerfestivalen i 2006.
1993: Seigmen på besøk i Studentersamfundet i Trondheim i 1993
SHOW: Vokalist i Seigmen, Alex Myklebust. I likskap med opera har Seigmen vore oppteken av yd, ljos og heile pakka når dei er på scena.
FANS: Publikum under Parkenfestivalen.
Men etter kvart fekk han beskjed om å velje mellom studiane og rocken.
– Eg valde rocken, for det var mykje artigare, humrar han.
Det var i 1999 då Seigmen la opp (før dei gjenoppstod i 2005) at Christensen bestemte seg for å satse på ein karriere innan opera.
Då var han nærmare 30 år og utan formell musikkutdanning, men talent og hardt arbeid førte han til store operascener over heile verda.
– Eg er ein rockar i hjartet, men ein songar til dagleg.
TRYLLEFLØYTEN: Marius Roth Christensen avbilda under framføringa av «Tryllefløyten».
Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK– Aldri inn og ut av fengsel
På laurdag skal han synge «California Love» av 2Pac feat. Dr. Dre and Roger Troutman.
– California Love bringa noko nytt i hip-hopen. Det var refreng, vers, refreng, som eigentleg er veldig «u-hip-hop», mimrar han.
Same året låten kom ut var også han og resten av Seigmen i Los Angeles og spelte inn det som skulle bli gjennombrotsalbumet deira, Metropolis.
– Vi var altså på same stad og tid som då 2Pac var på sitt største. Derfor er det veldig gøy og nærliggande å velje den låten.
Mens 2Pac hadde ein turbulent livsstil med dop og kriminalitet, var Seigmen fokusert på jobben.
– Vi naut livet, var på restaurant og fekk jo oppleve Hollywood, men vi levde ikkje noko partyliv, seier han.
ÅPENBARING: Fyrste gongen Marius Roth Christensen høyrde operasongaren Jussi Björling skjønte han at det var musikk, og klassisk musikk han ville drive med.
Foto: Ulrik Kramer / NRK– «Gønne» på med kostymedrama
I tillegg til å synge hiphop, skal deltakarane utføre gruppeoppgåve i sjangeren Eurovision.
Alexandra, Heidi og Jorun skal synge «Dancing Lasha Tumbai.
Mens Christensen skal, saman med Carina Dahl og Bjørn Tomren, synge «Dschinghis Khan»
– Eg har jo vakse opp med Melodi Grand Prix, det var ein stor «happening» heime i stova med mamma og pappa, fortel han.
Sjølv om han berre var sju år gammal då låten kom ut, hugsar han den veldig godt.
– Det er ein utruleg kul 70-talsdisco. Her er det berre å «gønne» på med kostymedrama. Eg gler meg veldig!