I dag blei vårens norske filmar presentert for filmfolk og presse på Filmens Hus i Oslo. Ein av filmane, som på førehand er mykje omtalt i norske medium, er regissør Erik Poppe sin film om 22. juli.
Då representantar for filmen skulle halde presentasjon under tysdagens seanse på Filmens Hus fekk NRK beskjed om å skru av kamera. Det var heller ikkje høve til å gjere eigne intervju med nokon representantar for filmen.
Produksjonsselskapet Paradox grunngir restriksjonane med at dei ønskjer å gjere perioden med merksemd rundt filmen sin så kort som mogleg av omsyn til råka og etterlatne etter 22. juli.
Erik Poppe-filmen, som har fått namnet «Utøya -22. juli», blei spelt inn på Frognøya i Tyrifjorden. Det kom både positive og negative reaksjonar frå Utøya-overlevande då det blei kjent at 22. juli skulle bli film.
- Les:
- Les:
– Ein viktig film
AUFar som opplevde 22. juli på Utøya, Ingrid Marie Vaag Endrerud, har vore regiassistent og rådgjevar for Erik Poppe under filminnspelinga.
På Filmens Hus snakka Vaag Endrerud om kvifor ho meiner det er viktig at den brutale hendinga på Utøya blir filmatisert.
– Det er ei historie som har vore umogleg å fortelje fordi den er så brutal. Eg syns det er viktig at historia skal forteljast, slik at ein får fram kva det var som faktisk skjedde. Det at nokon har orka å gå inn i det og klarer å fortelje den historia for meg og for oss, det er eg så vanvettig takknemleg for, seier Vaag Endrerud.
Vaag Endreruds viktigaste melding er at denne historia for mange har vore vanskeleg å fortelje. Filmen trur ho kan hjelpe.
– Når eg fortel kva som skjedde med meg, blir det fort på ein armlengds avstand og i fugleperspektiv. Eg løp dit, gøymde meg der og snakka med den og den. Men det denne filmen klarer å fortelje er historia om korleis det faktisk var, seier ho.
– Blei overbevist av Erik Poppe
Skodespelaren Andrea Berntzen speler den fiktive karakteren Kaja, som er 18 år. Ho visste ikkje kva ho gjekk til då ho prøvde for filmen.
– Eg trur ikkje det var før i runde tre at vi fekk vite at filmen vi prøvde for handla om Utøya, og då var eg ganske kritisk. Som så mange andre tenkte at det var altfor tidleg, og eg visste ikkje om eg hadde lyst å røre ved dette temaet, fortalde Berntzen til dei frammøte på Filmens Hus.
Andrea Berntzen, er ein ung skodespelar. Ho har vunne pris som revyskodespelar og går på Romerike Folkehøgskole. Etter dialog med Erik Poppe blei ho overbevist om at det var riktig å bli med på prosjektet.
– Erik Poppe svarte på mange av spørsmåla mine. Det som festa seg mest hos meg var at fokuset i filmen ikkje skulle vere på gjerningsmannen, men på ungdommen, fortel Berntzen.
Innspelinga av filmen fant stad i august og september månad i fjor. Andrea Berntzen fortel at ho brukte mykje energi under innspelinga.
I etterkant av timen med opptak sat ofte Berntzen og fleire av skodespelarane igjen og var ganske triste.
– Det er jo heilt naturleg at mange av dei vonde kjenslene sat igjen i kroppen. Men vi blei alltid varetekne av Erik Poppe, av psykologar og av kvarandre. Det var ein stor tryggleik og ein viktig føresetnad for at ein ikkje møtte veggen undervegs i opptaksperioden, seier Berntzen.
– Ikkje ein film for alle
Utøya-overlevande og regiassistent Ingrid Marie Vaag Endrerud, har vore med under innspelinga av filmen og veit kva den dreier seg om. Ho meiner filmen ikkje er for alle.
– Eg meiner ein skal spørje seg sjølv grundig om det, altså skal du sjå den. Eg kjem til dømes til å seie til mine foreldre at eg ikkje trur dei får noko godt utav å sjå filmen, fordi det er for tett på meg. Men samstundes er det ein film som er enormt viktig for å forstå kva 22. juli var for noko, seier Vaag Endrerud.
«Utøya – 22. juli» har premiere 9. mars.