Hopp til innhold

– Eminem var ein god støttespelar

– Eminem har vore ein god støttespelar for meg, når eg ikkje har hatt så mange andre. Det har alltid vore noko å kjenne seg igjen i tekstane hans, seier Christoffer Arntsen, ein av 55.000 på konserten i Oslo i kveld.

Christoffer Arntsen (t.v.) og Ørjan Amundsen.

– Dette blir ein legendarisk konsert, seier Christoffer Arntsen (t.v.) og Ørjan Amundsen frå Bodø.

Foto: Munevver Yildiz / NRK

Christoffer Arntsen fortel at det særleg er det Eminem har skrive om mobbing som har hjelpt han opp gjennom åra, og som han har kjent seg igjen i. Han er ikkje i tvil om at konserten blir legendarisk.

Christoffer har tatovert EMINEM med store bokstavar på underarmen. for å vise kor mykje den amerikanske rapparen betyr for han. Han har kome heile vegen frå Bodø til Oslo for denne konserten saman med kameraten Ørjan Amundsen.

Han er også blodfan, og dei to kameratane trur det truleg er siste konserten til artisten her i landet.

– Nærmast mogleg scena

Dei har betalte 1500 kroner for billetten, slik at dei kjem nærmast mogleg scena, og så kjem reise og hotell i tillegg. Men det er det verd, seier dei to til NRK.

Eminem gjekk på scena klokka 21, etter at fleire norske artistar hadde varma opp det rekordstore publikumet i fleire timar på førehand.

Henning Kristiansen

Henning Kristiansen er tryggingssjef på Eminem-konserten på Voldsløkka i kveld.

Foto: Munevver Yildiz / NRK

Alle vi snakkar med inne på Voldsløkka stadion har enorme forventingar til konserten. Eminem var sist i Noreg i 2001, og det er særleg dei eldste låtane publikum gler seg til å høyre.

Henning Kristiansen har ansvaret for tryggleiken på konserten. Han fortel at innsleppet har gått svært bra. Mange møtte opp tidleg, slik at det aldri blei kø. Han reknar med at utsleppet etter konserten også vil gå bra, men det vil ta litt tid.

– Vi har eit godt samarbeid med politiet og andre instansar, så dette reknar eg med vil gå svært bra, seier Kristiansen til NRK.

Statsminister Erna Solberg var ein av dei over 50.000 innanfor portane på Voldsløkka i kveld.

Utselt på få minutt

Eminem, eller Marshall Bruce Mathers III, som er det sivile namnet hans, er 45 år gammal og ein av dei mest meritterte rap-artistane i verda. Dei 55.000 billettane til konserten på Voldsløkka i Oslo vart rivne bort i løpet av seks minutt i februar.

Eminem slo gjennom med eit brak på slutten av 1990-talet. Han er kjent for svært personlege tekstar, der han blant anna har teke eit oppgjer med både mora og ekskona. Ikkje alt han gjorde var like sympatisk, men han har alltid hatt ei høg stjerne både blant publikum og kritikarar.

Erna Solberg på konsert.

Statsminister Erna Solberg var ein av dei 55.000 til stades på konserten på Voldsløkka i kveld.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Tekstane hans kan vere provoserande, men mange meiner han er ein stor poet

Fattig familie

Marshall Bruce Mathers voks opp i ein fattig familie i Saint Joseph i Missouri og seinare i Detroit i Michigan. Han har også brukt artistnamnet Slim Shady i tillegg til Eminem. Han har ifølgje Wikipedia selt over 172 millionar album internasjonalt, noko som gjer han til ein av dei mestseljande artistane i verda.

Magasinet Rolling Stone har rangert han som nummer 83 på si liste over dei største artistane i verda nokon gong, og dei kallar han kongen av hiphop. Eminem har vunne Grammy- og Oscar-prisar, og han spelte i filmane «8 Mile» og «The Interview».

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad