NRK Meny
Normal

– Eit hjartebarn for meg

Leif Ove Andsnes fekk torsdag sin sjette Gramophone Award, ein av den klassiske musikkverdas viktigaste prisar. – Denne var ekstra hyggjeleg å få, seier han.

Leif Ove Andsnes

Leif Ove Andsnes spelte inn det prisvinnande Schumann-albumet i Gamlebyen i Fredrikstad.

Foto: © Özgür Albayrak

Det klassiske musikkmagasinet Gramophone delte torsdag ut sine prisar til årets beste klassiske album i London, og to nordmenn var med på prisvinnarlista.

Leif Ove Andsnes spelar klaver på albumet som fekk kammermusikkprisen, medan cellisten Truls Mørk er solist på ei plate med musikk av finske Einojuhani Rautavaara som gjekk til topps i klassen for samtidsmusikk.

Les: Prestisjepris til Mørk og Andsnes

– Ikkje musikk med opplagt kommersielt potensial

Medspelarane på Schumann-albumet er det tyske søskenparet Christian og Tanja Tetzlaff, som speler fiolin og cello. Det betyr mykje for Andsnes at Schumann-samarbeidet deira får slik merksemd:

Christian Tetzlaff

Christian Tetzlaff.

Foto: Giorgia Bertazzi

– Eg er veldig glad for prisen, for dette prosjektet er eit hjartebarn for meg, seier Leif Ove Andsnes til NRK.no på telefon frå London etter prisutdelinga torsdag – på veg til kveldens solistoppdrag med Philharmonia-orkesteret.

– Eg og Christian har vore opptekne av og snakka saman om denne musikken sidan vi vart kjent for 20 år sidan. Vi forstod ikkje kvifor den ikkje vart meir spelt, og har framført den mykje på konsertar opp gjennom åra, særleg i Schumann-året 2010. Dette er ikkje musikk med eit opplagt kommersielt potensial, og difor er denne prisen ekstra hyggjeleg å få.

– Det var veldig god stemning

Dobbeltalbumet med Robert Schumanns klavertrioar vart spelt inn i mai og september 2010, i Østre Fredrikstad kyrkje i Gamlebyen i Fredrikstad.

– Det var veldig god stemning under innspelinga, seier Andsnes.

– Kyrkja i Gamlebyen har flott akustikk, og det er ein veldig fin stad å konsentrere seg. Og så hadde vi det veldig gøy med musikken, der Schumann viser seg i si fulle breidde, både med styrkar og veikskapar – veikskapane kan nemleg også vere vakre.

Schumann hadde store psykiske vanskar då han skreiv klavertrioane, og leid truleg av bipolar liding. Andsnes ser tydelege spor etter dette i musikken:

– Dette er nevrotisk musikk, det skjer stadig spontane hopp, kjenslene svevar rett ut. Schumann gøymer seg ikkje bak ei veloppbygd form, men trur seg til lyttaren heile tida. Ein føresteller seg ofte at romantisk musikk er lett å lytte til, men her må lyttaren vere vaken for å henge med i svingane.