– Det er ein skandale, seier Hans Ole Rian, forbundsleiar i Musikernes fellesorganisasjon.
Forsvarets ansikt overfor omverda
Det er Marinemusikken i Horten og Luftforsvarets musikkorps i Trondheim regjeringa føreslår å legge ned. Verksemda blir redusert til stort sett å dekke forsvarets behov og det blir færre konsertar for sivilbefolkninga.
KRITISK: Hans Ole Rian i Musikernes fellesorganisasjon ser svart på regjeringas forslag.
Foto: Asamaria.com– Forsvarsmusikken er ein viktig brubyggar mellom folket og forsvaret. Når dei spelar konsertar, marsjerer i gatene og spelar på statsbesøk så er dei forsvarets ansikt overfor omverda. Det er ofte der befolkninga møter forsvaret først, seier Rian.
NEDLEGGINGSTRUA: Kongelige Norske Marines Musikkorps i Horten, som blei etablert i 1820, risikerer å bli lagt ned.
Foto: ForsvaretRegjeringas kuttforslag møter også sterk motbør hos Jacob Børresen, pensjonert offiser i sjøforsvaret og kommunestyrepresentant for Ap i Horten.
– Kvar av desse orkestera har driftsutgifter på ca. 20 millionar, altså tilsvarande prisen på ein torpedo, seier Børresen.
Kva betyr forsvarsmusikken for eit lokalsamfunn eller ein by?
– Eg vil seie at det betyr nesten alt, ikkje berre for det lokale men også for det regionale musikklivet. Vi står i fare for å miste ei viktig inspirasjonskjelde, ein kulturinstitusjon og dessutan mister forsvaret ei verdifull rekrutteringskjelde til forsvaret.
Regjeringa ønsker å oppretthalde korpsa i Bergen, Harstad og Oslo.
Prioriterer forsvarsevna
Regjeringa vil prioritere å styrke forsvarsevna, og ifølge politisk rådgjevar i Forsvarsdepartementet Audun Halvorsen vil det gå utover musikken.
– Vi må omprioritere internt og bruke meir pengar på det som gjer militær effekt og forsvarsevne og nokre mindre pengar på andre ting som musikk og kultur, seier Halvorsen.
I dag har Forsvaret fem orkester. Regjeringa vil oppretthalde ein desentralisert struktur med korps i Bergen, Harstad og Oslo.
– Dei kjem til å løyse oppgåvene sine for forsvaret på ein god måte og vil også kunne ha aktivitet opp mot det sivile samfunnet, men i noko mindre grad enn i dag, seier Halvorsen.
– Vi legg ned noko av det vi er
Ole Asbjørn Fauske, sjef for Forsvarets fellestjenester skulle helst sett at dagens korpsstruktur blei heldt oppe.
– Det er ingen tvil om at det faglege rådet frå musikkinspektøren og meg er å halde fram med dagens struktur.
– Forsvaret har eit slagord: «for alt vi er og alt vi har». Ved å legge ned desse orkestera så legg vi ned noko av det vi er, det er noko å tenke på, seier Jakob Børresen.