Leiar i MBL: – Ei dramatisk tid for medie-Noreg

Mediebransjen etterlyser konkrete koronatiltak for å redde journalistikken. I dag møtte dei kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Randi Øgrey er redd for at tiltaka for mediebransjen skal kome for seint.

ALVORLEG KRISE: Randi Øgrey, leiar i MBL, er redd for at tiltaka for mediebransjen skal kome for seint.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Det er dramatisk. Og det er absurd. Etterspørselen for informasjon og grundig journalistikk har aldri vore så høg som no, likevel slit vi med å finansiere det viktige samfunnsoppdraget vårt.

Det seier Randi Øgrey, leiar i Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

MBL og dei andre store medieorganisasjonane la i dag fram sine bekymringar for medie-Noreg til kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V).

Bortfall i annonseinntekter, og frykt for permitteringar og nedleggingar stod sentralt.

– Når Noreg stoppar opp, så stoppar også annonseinntektene opp. Det er ein krevjande situasjon når vi vil ha folk i jobb og levere godt innhald, seier Øgrey.

Pressemøtet om mediebransjen. fredag 3. april

MEDIA MØTTE KULTURMINISTEREN: MBL, Norsk Presseforbund, Norsk Redaktørforening, Norsk Journalistlag, Landslaget for lokalaviser, Mediebedriftenes Landsforening, Fagpressen og Norsk forbund møtte i dag kulturministeren.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Vil ha redningspakke på 1 mrd.

Noreg går inn i si tredje veke med strenge koronarestriksjonar. Det har fått enorme konsekvensar for norsk økonomi. Regjeringa har difor kome med fleire krisepakker for ei rekke bedrifter.

Men mediebransjen meiner at desse tiltaka ikkje treffer dei godt nok.

– Vi har stor forståing for at det har vore behov for å lage breie pakkar. Men no hastar det med ei eiga tiltakspakke for media, seier Øgrey.

Førre veke sende dei eit samla brev til Stortingets kulturkomité der dei bad om over 1 milliard i krisehjelp til mediebransjen.

Forslaga, som dei også repeterte i dag, inneheld blant anna ei kompensasjonsordning for bortfallet av annonseinntekter, 200 millionar i produksjonstilskot og førebels fritak for arbeidsgjevaravgift.

– Vi meiner at Abid Raja og regjeringa tar seg for god tid i forhold til det vi har moglegheit til. Vårt mål er at folk skal vere i jobb, ikkje permitterast, seier ho.

Leiar i Norsk Journalistlag er bekymra for mediebransjen.

HASTAR: Leiar i Norsk Journalistlag, Hege Iren Frantzen, meiner det hastar å kome med krisepakke for media for at dei skal sikre samfunnsoppdraget sitt.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Svært tøft for lokalradioane

Ifølgje fagbladet Journalisten har over 60 medium starta med permitteringar. Lokalavisene og lokalradioane er blant dei som kjenner koronakrisa ekstra hardt på kroppen.

– For oss vart det svart over natta, seier leiar i Norsk Lokalradioforbund, Aslak Sommerfelt Skrettin.

Til no har lokalradioane opplevd opp mot 60 prosent inntektsbortfall i annonsar, og 40 prosent av alle årsverk er permitterte.

Han peiker på at dei kommersielle radioane er avhengige av annonseinntekter, og no som dei blir borte blir det vanskeleg å halde spakane i gang.

– Det er heilt tydeleg at vi trenger hjelp for å overleve, seier han.

Ingen eigen tiltakspakke med det fyrste

Abid Raja kunne på møtet i dag stadfeste at regjeringa ikkje kjem med eigen tiltakspakke til medie-Noreg, men vil sjå på innspela for å plukke opp dei som no fell mellom to stolar.

Abid Raja møter pressenoreg

SPISSE ØYRE: Statsråden viste forståing for utfordringane media står overfor, og vil ha god dialog med aktørane for å finne ut kva løysingar som er best i tida framover.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Når vi har fått kartleggingane, så skal vi sjå om det er eventuelle justeringar som kan gjerast.

Leiar i Norsk Journalistlag, Hege Iren Frantzen, meiner justeringar ikkje er godt nok.

– Vi har ikkje bedd om ei bedriftsstøtte, vi har bedd om ei demokratistøtte. Vi skal sørge for at demokratiet skal fungere og for at journalistane er på jobben.

Ho får støtte av Randi Øgrey.

– Det vi fryktar er at vi ikkje får gjort den viktige jobben vi har i ei krisetid, nemleg å levere innhald og god journalistikk. Og sikre vår maktkritiske funksjon.

I Dagsnytt 18 i dag sa Abid Raja at fleire av dei tiltaka som regjeringa har sett i verk, også kjem mediebransjen til gode.

– Tiltaka hjelper

– Vi har redusert arbeidsgjervaravgifta og vi har framskunda omfordelinga av auken i produksjonstilskotet. I tillegg har regjeringa lagt fram også andre tiltak som skal hjelpe breie delar av næringslivet, inkludert mediebransjen, sa Raja. Og han la til:

– Dersom ei mediebedrift kan dokumentere eit omsetningstap i mars, kan dei få dekt utgifter til bl.a. husleige og straum.

Mediepolitisk talsperson for Ap, Trond Giske er kritisk til Abid Raja sin plan.

– Det som bekymrar meg med det kulturministeren seier, er at han ikkje ser ut til å forstå at krisa slår ut på ein heilt annan måte for media enn for frisørar og restaurantar og butikksenter. I motsetning til dei sistnemnde, har media fleire kundar enn nokon gong. Vi ser TV, vi les aviser og vi høyrer radio. Men dei taper altså annonseinntekter fordi alle andre verksemder kuttar. Og dei kan ikkje permittere journalistar og spare pengar på det. Derfor må dei få kompensert tapte annonseinntekter for å unngå å permittere, seier Giske.

Raja seier at Stortinget skal diskutere tiltakspakken over helga, og at regjeringa vil følgje opp.

– Koronasituasjonen oppstod for tre veker sidan. No er det lagt fram ein brei pakke, og vi skal gjere det vi kan for å tilpasse forskriftene til at pakken treffer breiast mogeleg.

Kulturstrøm

  • K-popband støtter anti-rasister

    Den populære popgruppa BTS fra Sør-Korea gir én million dollar til organisasjonen Black Lives Matter. Fans av k-popgruppa oppfordrer hverandre til å samle inn like mye, melder Reuters. De sju medlemmene i BTS er blant verdens mestselgende artister.

    Laster Twitter-innhold
  • Mer press mot Facebook-sjefen

    Facebook-sjef Mark Zuckerberg presses fortsatt i spørsmålet om politisk propaganda og falske nyheter på nettstedet. Flere enn 140 forskere som Facebook finansierer ber Zuckerberg begrense president Donald Trumps desinformasjon, skriver the Guardian.