NRK Meny
Normal

– Eg ville revitalisere songen som ei kjærleikserklæring til Noreg

Det var stort sprik i reaksjonane då Ole Hamre lanserte sin nye versjon av «Ja, vi elsker». – Eg hadde forventa at endå fleire skulle hisse seg opp, seier han om videoen som i år også er ein del av NRKs 17. mai-program.

Video Folkofon

Sjå «Ja, vi elsker» i Ole Hamres folkofon-versjon. Foto: Jon Anton Brekne. Klipp: Thomas Wiborg og Øivind Enggrav.

Ole Hamre laga den nye versjonen med sitt sjølvlaga instrument «folkofon» – han reiser rundt og ber folk sjå inn i kamera og synge inn lange enkelttonar. Så registrerer han tonane og ansikta i eit dataprogram, så han kan spele på dei som eit «menneskeorgel».

Videoen til «Ja, vi elsker» er laga i samarbeid med NRK, og hadde premiere på TV og nett like før nyttår. Versjonen vekte eit breitt spekter av reaksjonar, og vart kalla både «praktfull», «genial», «artig», «langdryg», «møl» og «makkverk».

«Ja, vi elsker» vert sendt på NRK2 17. mai kl 21.10.

Les: Tror noen kan bli opprørt

Les: – I overkant nasjonalistisk

– Snudde songen på hovudet

Ole Hamre

Ole Hamre.

Foto: NRK

Musikar og komponist Ole Hamre var førebudd på at mange kunne bli opprørt:

– Ein kan ikkje gjere noko slikt med nasjonalsongen utan at det blir reaksjonar, seier han til NRK.no.

– Denne versjonen er jo veldig annleis, eg snudde songen på hovudet. Eg hadde faktisk forventa at endå fleire skulle hisse seg opp, men heldigvis var dei fleste reaksjonane positive.

Hamre er glad for at folk stort sett forstod kva slags bodskap han ville formidle med songen og videoen:

– Hensikta var å revitalisere nasjonalsongen som ei kjærleikserklæring til Noreg, og det er mi erfaring at intensjonen bak eit slikt tiltak gjerne skin gjennom.

Les også: Ein av tre meiner 17. mai vil bety meir etter terroråtaket