Hopp til innhold

– Eg sleit med Haydn i fire år

Ole Ivars-bassist William Kristoffersen sleit med Joseph Haydns trompetkonsert gjennom fire år ved Musikkhøgskolen. Likevel er konserten ein av hans favorittar innan klassisk musikk.

William Kristoffersen

Ole Ivars-bassisten William Kristoffersen studerte trompet ved Norges musikkhøgskole på 1970-talet.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Bassist og låtskrivar William Kristoffersen har spelt bass sidan han var 15, og vart med i dansebandet Ole Ivars i 1983. Hans første instrument var derimot trompet, og på 1970-talet utdanna han seg til faglærar ved Norges musikkhøgskole, med trompet som hovudfag.

Jobba intenst med konserten

Kristoffersen, som er fjerdemann i serien med norske artistar som anbefaler klassisk musikk, hadde Joseph Haydns trompetkonsert som eit obligatorisk verk under studiet.

– Eg jobba intenst med konserten gjennom dei fire åra fram mot eksamen – den er vanskeleg å spele, og det var eit slit å meistre dei tekniske utfordringane, seier Kristoffersen på telefon frå ein campingplass i Sunne i Värmland.

Les: – Denne heldt meg inne heile våren

Les: – Bachs musikk er catchy

Les: – Songen har nok drama til ein romantisk Hollywood-komedie

Fekk stå åleine ved Haydns kiste

Nesten 20 år seinare var Kristoffersen innom den austerrikske byen Eisenstadt, der mausoleet med Joseph Haydns (1732–1809) kiste ligg.

– Eg kom berre sju-åtte minutt før det stengde. Eg var åleine i lokala då eg kom inn, og stilte meg framfor Haydns kiste. Det var ei svært spesiell stund, hovudet var fullt av tankar frå slitet og strevet under studietida. Eg tenkte for meg sjølv: Du har jammen skapt mykje bryderi for meg, Haydn!

– Likevel blir eg aldri lei av musikken, eg kan høyre den igjen og igjen. Dessutan spelar alle trompetistar den litt ulikt – det er like spennande kvar gong eg høyrer ein ny versjon. Tine Thing Helseth sin versjon har eg til dømes høyrt mykje på, den er flott.

Høyr Tine Thing Helseth spele frå konserten saman med Det Norske Kammerorkester:

Vil gjerne oppleve Moldau

Sommaren byr ikkje på dei lange feriestrekka for Ole Ivars-musikaren, som har tett med konsertar sommaren gjennom. Bilferie i Europa er elles det han likar best, og då oppsøkjer han gjerne stader der kjende komponistar har hatt sitt virke – som i tilfellet med Haydn.

– Eg synest det gir heilt spesielle opplevingar å sjå stader og bygningar der komponistane levde og laga musikk, seier han.

Eitt av landa han ikkje har vitja enno, er Tsjekkia, som mellom anna husar heimbyen til komponisten Bedrich Smetana, og elva han skildra i orkesterstykket «Moldau», på tsjekkisk «Vltava».

– «Moldau» har ein fantastisk melodi og er eit av dei flottaste stykka eg veit om. Smetana skildrar Tsjekkias lengste elv frå start til slutt på, med stryk, fossefall og rolege parti. Eg har aldri vore i Tsjekkia, men kan godt tenke meg å sjå dette landskapet.

Inspirert av Blood, Sweat and Tears

William Kristoffersen hadde allereie drive med dansemusikk i fire-fem år då han søkte på Musikkhøgskolen i 1971.

– Dei banda eg likte best på den tida, hadde trompetistar i ei viktig rolle. Dei hadde gjerne klassisk utdanning, som Lew Soloff i Blood, Sweat and Tears.

– Ideen var at eg skulle bruke trompeten på sin liknande måte, men då eg var ferdig på studiet var ikkje trompet vanleg i den musikken lenger – det var berre saksofonistar att. Dessutan hadde eg funne ut at det førebileta mine gjorde var ekstremt vanskeleg.

Slik høyrdest Blood, Sweat and Tears ut i 1970:

– Bach har fantastiske bassgangar

Johann Sebastian Bach er ein annan av Kristoffersens favorittkomponistar. Av mange moglege kandidatar vel han «Badinerie» frå Orkestersuite nr. 2 i h-moll.

– Stykket er vanskeleg å spele, men lett å like. Dette er god underhaldningsmusikk, og eg synest det er stor kunst å lage så krevjande musikk som fleirtalet likevel kan ete.

Bachs bassbruk er av særleg interesse for bassisten Kristoffersen:

– Eg er veldig glad i fine melodiar, men som bassist er eg særskilt oppteken av basslinjer. Bach har fantastiske bassgangar.

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK