– Det er godt å kjenne at ein framleis hater å tape.
NRK møtte tidlegare skihopper Tom Hilde på deltakarhotellet i feriebyen Port de Pollenca på Mallorca, berre to dagar at etter at han tapte nattesten mot Hanne Haugland i
. Verdsmeisteren i høgdehopp frå 1997 var i sin tredje nattest, og nok ein gong var det ho som gjekk sigrande ut.Styrke var konkurransetema i det sjuande programmet, og når øvingane var over, låg Tom Hilde og handballspelaren Glenn Solberg nederst på resultatlista. Likevel vart Haugland plukka ut, rett og slett fordi Tom Hilde frykta Glenn Solberg etter å ha sett han i aksjon i den aller fyrste nattesten denne sesongen.
TOM HILDE: Han har bronse frå OL og fire VM-sølv og ein VM-brosne i laghopping. Fredag vart han sjettmann ut av den tiande sesongen av Mesternes Mester.
Foto: Toke Riskjær / Rubicon TV/NRK– Eg har jo sett Glenn i nattest tidlegare, og då tenkte eg at dersom nokon vel han, så er dei ganske dumme. Difor valde eg Hanne, sjølv om eg ikkje trur ho var så veldig mykje dårlegare. Men eg følte eg hadde større sjangs mot Hanne enn mot Glenn.
Men både fotballspelaren Ole Martin Årst og skiskyttaren Lars Berger har tidlegare komme til kort mot Hanne Haugland, som no var i sin tredje nattest.
– Eg kjende på det, akkurat då eg ikkje greidde å fange det spydet, at det er morsommare å vinne enn å tape. Så det var ikkje noko god kjensle det der, men det går jo over.
Tom Hilde vann forøvrig nattesten mot Karina Hollekim i
.Fire til semifinalen
Ti konkurrentar har blitt til fire, og når vi kommande fredag går inn i semifinalen, er det desse som framleis er med:
- Hanne Haugland
- Pål Anders Ullevålseter
- Karoline Dyhre Breivang
- Glenn Solberg
Tom Hilde slår fast at alle fire fortener å vere i semifinalen.
– Dei som er igjen no er sterkare enn meg, så det hadde blitt ein tøff kamp dersom eg skulle vore med vidare. Men det hadde vore gøy å få prøve seg på dei siste konkurransane som ser veldig fysisk krevjande ut.
VISER MUSKLAR: Tom Hilde rauk ut då styrke var tema, men flexar likevel musklar på stranda på Mallorca. Han skulle gjerne vore med i dei fysisk krevjande øvingane i semifinalen.
Foto: Arne Sørenes / nrkFAVORITT: Karoline Dyhre Breivang har vore sterk gjennom heile sesongen så langt.
Foto: Toke Riskjær / Rubicon TV/NRKOgså dei andre som er ute av Mesternes Mester er imponert over dei fire som no står att. Men når vi spør om nokon kan nemne ein favoritt til å ta heim pokalen, er dei fleste nølande i svara. Berre Karina Hollekim er klar. Ho har stor tru på romveninna Karoline Dyhre Breivang:
– Karo er beinsterk og tøff, og veldig allsidig. Ho har imponert meg stort. Eg visste at ho var sterk, men at ho var så sterk, det visste eg ikkje.
Minne for livet
Tom Hilde fortel om om god stemning i Mesternes Mester-huset frå fyrste stund:
– Det har faktisk vore veldig mykje betre stemning enn det eg trur vi får fram på TV. Når kameraene skrus på så er det gjerne eit tema det skal snakkast om, og då flyt ikkje praten like godt som dei gongene vi berre sit og snakkar tøv rundt borda.
KARINA OG GUTTA: Karina Hollekim saman med Tom Hilde og Ole Martin Årst i Mesternes Mester-huset.
Foto: arne sørenes / nrkHan fortel at folk har har tatt ulike roller i huset:
– Sjefsrolla på kjøkkenet har Hanne og Karo tatt, dei har gjort ein heilt magisk jobb. Og så har dei hyra inn Glenn og Pål Anders når det har vore grilling.
Karina Hollekim og Ole Martin Årst tok mest ansvar sosialt, i allefall i starten, mens han sjølv tok delansvar for underhaldninga:
– Eg har meir den der side-kick rolla; han som kjem med nokre fleipete kommentarar når det passar seg. Eg får lov til å dekke på bordet, men ikkje bidra så mykje med maten. Det er liksom den rolla eg har fått.
For Tom Hilde vart Mesternes Mester eit minne for livet. Han trur at han kjem til å halde kontakten med dei andre deltakarane.
I tillegg reiste han heim med
.