Hopp til innhold

– Eg sat og song over tastaturet

Knut Nærum måtte ta i bruk nye arbeidsmetodar då han skulle omsetje italienske arier til norsk. Fredag kveld har sluttresultatet premiere i Operaen.

Knut Nærum, Agnes Randers-Pehrson og Ivar Tindberg

Knut Nærum, Agnes Randers-Pehrson og Ivar Tindberg har gjendikta til norsk operaen «Viva la mamma», med musikk av Gaetano Donizetti og originaltekst av Domenico Gilardoni.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– På denne måten har eg aldri jobba før, seier Knut Nærum om arbeidet med operaen «Viva la mamma».

Han har gjendikta operaen frå 1827 til norsk saman med Agnes Randers-Pehrson og Ivar Tindberg, og fredag kveld er det premiere ved Operaen. Nærums tekstar var sist å høyre i Operaen våren 2014, då han var manusforfattar for framsyninga «Hege og Øyvind går til Operaen».

– Denne gongen har eg sete med noteark og lese sekstendelsnotar, sett på Youtube og sunge for meg sjølv over tastaturet. Det har vore spennande! Som utfordring er det heilt på høgde med sudoku og kryssord – det er den typen av arbeid, som handlar om å få ting til å gå opp. Så blir ein kjempeglad når det faktisk går.

– Vi møter oss sjølve i døra

«Viva la mamma» handlar om eit ensemble som skal setje opp ein opera, men som slit både med manglande sponsorar og mange sterke personlegdomar.

Medforfattar Agnes Randers-Pehrson har lang fartstid som leiar for ulike operaselskap, og synest kjernehistoria minner sterkt om hennar eigne erfaringar:

– Vi møter oss sjølve i døra heile tida i denne teksten, seier Agnes Randers-Pehrson.

– Ein får stadige aha-opplevingar og tenkjer «slik må eg ikkje oppføre meg lenger».

Viva la mamma

Medverkande i «Viva la mamma»: Eli Kristin Hanssveen, Aleksander Nohr (med raude fjør), Sigve Bøe, Espen Langvik, Jørgen Backer, Hallvar Djupvik, Per Andreas Tønder (på kne) og Caroline Christensen.

Foto: Jörg Wiesner / Den Norske Opera & Ballett

– Eg ser på denne operaen som eit lukkeleg unntak

Regissør Ivar Tindberg har kutta ned operaen frå to til ei akt, og lagt inn nokre kjende songar frå andre operaer. Komponist Gaetano Donizetti gjorde det same i originalen.

– Donizetti hadde ein veldig fin humor sjølv, og det er som eit smil i mykje av denne musikken, seier Ivar Tindberg.

Knut Nærum ser potensial for meir god operahumor, men ikkje uavgrensa:

– Det går an å lage mykje humor både i og rundt opera, seier Nærum.

– Men om opera skulle ha to bein å stå på, trur eg ikkje humor burde vere eitt av dei. Operaens vesen krev gjerne plass og tek ein del tid. Humorens vesen er elles ofte tempo og timing. Så eg ser på denne operaen som eit lukkeleg unntak, som viser at «dette kan opera også vere».

Høyr i nettradio: Intervju med Knut Nærum, Agnes Randers-Pehrson og Ivar Tindberg i Spillerom

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)