Hopp til innhold

– Dette er ein propagandakrig

På nettet herjar ein PR-krig om Gaza-bordinga. – Vi veit ikkje kva vi ikkje får sjå, seier nyhendesjefen i NRK.

Israelske marinesoldater bordet skipene i konvoien

Israelske marinesoldatar borda skipa i konvoien på veg til Gaza.

Foto: ROJ TV/Reuters

Etter at det israelske militæret borda skipa som var på veg til Gaza med forsyningar, har det gått føre seg ein informasjonskrig på nettet . Filmsnuttar frå bordinga av skipa som ligg ute på YouTube har vakt stor interesse.

Stein Bjøntegård

Nyhendesjef i NRK, Stein Bjøntegård trur berre ei gransking kan få fram sanninga.

Foto: Halvard Sandberg / NRK

– Dette er ein propagandakrig, der begge partane prøver å vinne opinionen over til si side, seier Stein Bjøntegård, nyhendesjef i NRK.

Filmklippa som Israel Defense Forces har lagt ut på YouTube, var onsdag dei fire mest sette på YouTube.

Mange kommenterer også filmklippa, og folk er djupt usamde om Israel gjorde det rette, om Israel lyg, eller om Israel fortel sanninga.

Redigert røynd

Stein Bjøntegård tviler ikkje på at bileta vi har fått sjå er ekte, men han stiller spørsmål ved kva vi ikkje får sjå.

– Vi får bileta frå den eine sida, vi veit ikkje korleis det er redigert. Kva som er vist fram, og kva dei ikkje har teke med veit vi ikkje.

Det gjer det ekstra vanskeleg både for journalistar og andre å finne fram til reine fakta i saka.

– Kva gjer ein for å få fram ein sann versjon av hendinga?

– Ein må prøve å samanstille informasjon frå både dei israelske styresmaktene, og frå dei som var om bord.

Men å få fram den fulle sanninga, trur Stein Bjøntegård, at berre ei offisiell gransking kan klare.

– Ikkje ny taktikk

Også under Gaza-krigen hadde dei israelske styresmaktene ein liknande strategi, der berre offisiell israelsk informasjon slapp ut. Såleis er ikkje denne propagandakrigen nokon ny taktikk, meiner Bjøntegård.

– Det israelske militæret var veldig raske til å sende ut video av bordinga til alle tv-kanalane. Der såg ein bilete av demonstrantar med knytta nevar og stokkar. Det er svært effektivt propagandaarbeid, seier Bjøntegård.

Aktivistane hevdar at informasjonen frå dei israelske styresmaktene ikkje stemmer, og at aktivistane ikkje gjorde motstand under bordinga.

– Men vi har ikkje sett bilete av noka fredeleg bording. Men det tyder ikkje at det ikkje skjedde.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober