Filmen handlar om studenten Anastasia Steele som fell for den karismatiske men emosjonelt plaga milliardæren Christian Grey. Dei to hamnar i eit forhold med element av sadomasokistisk sex. NRK var på plass på før-premieren for spesielt inviterte i dag. Sex-bloggar Cecilie Kjensli har fått med seg bøkene – sjølv om ho ikkje har lest alle.
– Dette er husmorporno og underhaldning under beltestaden. Det er interessant at så mange unge jenter syns at SM-sex er interessant og spennande. Dette er fantasi og ein må sjå det som den fiksjonen det er, seier Kjensli.
– Ikkje informert samtykke
Bøkene har fått kritikk for å vere kvinneundertrykkande. Eivor Mæland, journalist i det feministiske magasinet Fett, syns fokuset er uheldig. Men ho var klar for å snurre film i kveld.
– Dette er ikkje ekte fordi sadomasokisme handlar om informert samtykke. Det som skjer i denne filmen er ikkje basert på informert samtykke. Om folk gløymer det kritiske blikket så trur eg et er skadeleg, seier Mæland til NRK.
Kontroversiell
Bøkene som filmen er basert på har seld over 100 millionar eksemplar. Både bøkene og filmen er kontroversiell, spesielt på grunn av sexskildringane som har element av vald og smerte. 50 Shades of Grey har fått varierte kritikkar. NRK gav filmen terningkast fire. Filmanmeldar i Dagbladet Merete Hobbelstad gav filmen terningkast tre og sa blant anna dette om filmen som fenomen:
– Filmen er har fått sjeldan stor merksemd 800.000 har sett traileren og det kanskje eit uttrykk for ein lengsel der ute etter ein film med noko anna enn den ordinære kjærleikshistoria.
Les meir: – Disse lesar 50 Shades of Grey