Hopp til innhold

– Det siste verda har bruk for er ein ny krimserie på 10 x 55 minutt

DRs nye dramasjef varslar nye tider.

Martin -Kim Bodnia

FOLKEKJÆR: I Noreg har seriane frå Danmark tidvis vore meir populære enn i heimlandet. Skodespelaren Kim Bodnia har blitt ein kjærkomen gjengangar på norske TV-skjermar. Her ser vi han i rolla som Martin Rohde i TV-serien «Broen».

Foto: Særún Norén

Broen. Forbrytelsen. Arvingane. Borgen.

Danmark har produsert TV-drama i verdsklasse dei siste ti åra og har vore dramakongen i Norden.

Men etter eit turbulent halvår for DR, den danske rikskringkastaren, har det vore stor usikkerheit rundt framtida for dei danske dramaproduksjonane.

Dette kan vere dårleg nytt for norske sjåarar. Frå og med januar 2018 gjekk nemleg NRK inn i ein banebrytande samarbeidsavtale med dei andre nordiske kringkastarane. Til saman skal dei lage 12 store dramaproduksjonar i året, som skal vere tilgjengelege for heile Norden.

– Kom til tomme pultar

Det heile begynte med at leiinga i DR Drama sa opp jobbane sine i oktober i fjor. Dåverande dramasjef Piv Bernth skulle etablere sitt eige produksjonsselskap og tok med seg heile flokken.

Den nye dramasjefen Christian Rank kom dermed til tomme pultar då han skulle ta over roret i februar, og måtte begynne å bygge opp igjen heile avdelinga frå botnen.

Christian Rank, dramasjef i DR

NY DRAMASJEF: Rank innrømmer at han har fått ein utfordrande start, med trongare tider og behov for ny bemanning. Christian Rank tok nyleg over som dramasjef i Danmarks Radio.

Foto: Javier Auris / NRK

Men situasjonen skulle bli enda verre. I mars valde den danske regjeringa å fjerne TV-lisensen, og DR fekk beskjed om å kutte budsjettet med 20 prosent.

– Fleire dragar og whitewalkers

Den nye dramasjefen i Danmark er klar over at han har ei utfordrande oppgåve framfor seg, og innser at det økonomiske slaget mot dei store globale konkurrentane er tapt.

– Netflix og HBO har uansett fleire pengar, dragar og whitewalkers enn vi nokon gong kjem til å ha, konkluderer han.

For å få ny inspirasjon har han denne veka tatt turen til Noreg og NRK, for å sjå om kanskje danskane kan lære noko av Noreg?

– «Skam» har hatt ein kjempesuksess i Danmark, og det trur eg er fordi eit så intimt portrett av unge norske tenåringar, det er noko av det einaste vi ikkje kan finne på Netflix. Det må DR også tørre å gjere, og det blir kanskje viktigare enn flott lys eller dyre dekorasjonar.

Christian Rank, dramasjef i DR

NYE TIDER: – Då DR hadde sin kjempestore suksess sette publikum seg ned kvar søndag kveld kl. 19.55 og venta på drama. «Those days are over», seier Christian Rank til NRK.

Foto: Javier Auris / NRK

Ei ny dogmerørsle?

Men kva med Broen, Borgen og Forbrytelsen, vil det bli slutt på slike seriar?

– Nei, eg trur heller vi skal tenkje meir mangfald. For kvar gong vi lagar ein stor og flott produksjon, så skal vi også lage to produksjonar på heilt andre måtar enn vi har gjort tidlegare. Det siste verda har bruk for er ein ny krimserie på 10 X 55 minutt. Kvifor skal vi produsere ein til, med mindre vi klarar å fortelje ei historie som møter publikum i augehøgde, seier Rank.

Dramasjefen peiker også på at filmbransjen gjekk igjennom same utfordringar for 20 år sidan, då dei enorme Hollywood-produksjonane ikkje lenger var mogleg å konkurrere med for skandinaviske aktørar.

– På den tida introduserte Lars von Trier dogmerørsla. Og det er kanskje det største som har skjedd i dansk film. Så eg trur vi skal hugse at vi «always must take the path less traveled», konkluderer Rank.

  • Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • 3,7 millioner til fem filmproduksjoner

    Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISF) har bevilget 3,7 millioner norske kroner i årets første bevilgningsrunde. To kortfilmer, en tv-serie og to langfilmer får bevilgning.

    Det skriver ISFI i en pressemelding.

  • YouTube krever merking av KI-innhold

    De som publiserer på YouTube fremover, må huke av om innholdet er manipulert eller endret for å tydeliggjøre hva som er skapt ved hjelp av kunstig intelligens.

    – Seerne får stadig mer behov for åpenhet om hvorvidt det de ser på, er manipulert eller syntetisk, skriver selskapet på sin blogg.

    Den nye merkingen vil gjelde videoer hvor det kan være tvil om det man ser virkelig er ekte, for eksempel såkalt deepfake, hvor en kjent person sier noe vedkommende aldri har sagt.

    Det vil ikke gjelde videoer som åpenbart er manipulert, som for eksempel animasjonsvideoer, skjønnhetsfilter og spesialeffekter.

    (NTB)

  • Kvinnegruppa Ottar har anmeldt pornografisk russebuss

    Kvinnegruppa Ottar har anmeldt en russebuss fra Bryne som skal ha en pornografisk illustrasjon på siden av bussen.

    De har videresendt anmeldelsen, som de leverte til Sørvest politidistrikt, til Stavanger Aftenblad.

    Gruppa mener at illustrasjonen på utsiden av bussen bryter med straffeloven paragraf 317 om pornografi og paragraf 318 om utstillingsforbud av bilder av eksplisitt seksualisert karakter.

    – Kvinnegruppa Ottar reagerer kraftig på at noen skal kunne kjøre rundt i offentligheten med sitt kvinnefiendtlige budskap, skriver de i anmeldelsen.

    20 russegutter på Bryne vidaregåande skule har brukt omkring 3 millioner kroner på bussen. Guttene har tidligere sagt til Stavanger Aftenblad at foreldrene deres ikke er så begeistret for eksteriøret på bussen.(NTB)