NRK Meny
Normal

– Breivik burde vore med i 22. juli-serien

OSLO (NRK): Forfattar Aage Borchgrevink synest det er merkeleg at dramaserien om 22. juli ikkje skal ta for seg historia til Anders Behring Breivik.

Ankesaken til Anders Behring Breivik mot staten.

FRÅ DEN SISTE RETTSSAKA: Dei som dømte terroristen er blant dei som blir skildra i den nye dramaserien. Men gjerningsmannen sjølv blir utelaten.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Ein vågar ikkje å gå inn i dei mørkaste, men òg viktigaste delane av historia. Eg synest det er ein viss berøringsangst med terroristen si historie i Noreg. Det er naturleg, men feil. Når NRK brukar så mykje ressursar på ein serie, bør dei gå inn i dette, seier Aage Borchgrevink.

Aage Borchgrevink

MÅ SJÅ PÅ UTANFORSKAP: Aage Borchgrevink synest det er merkeleg at gjerningsmannen si historie ikkje blir fortalt i den nye serien. Han seier vi treng å sjå på korleis eit samfunn produserer utanforskap og vald.

Foto: Caroline Tolfsen / NRK

Torsdag morgon kom nyheita om at NRK skal laga ein dramaserie om 22. juli, med planlagd sendestart hausten 2019. Serien skal ta for seg dei menneska som opplevde terroren gjennom arbeidet sitt, som helsepersonell og rettsstell. Terroristen si historie blir ikkje ein del av serien.

Borchgrevink, som har skrive ei bok om Breivik, meiner at vi må tole å gå inn i det som er mørkt og komplisert.

– Vi treng å prate om utanforskap i Noreg, og da må terroristen si historie fram. Etter den forferdelege tragedien og alle rettssakene er det naturleg å kjenne på ein viss trøyttleik. Men om vi vil vera eit modent samfunn, så er vi nøydde til å sjå på korleis vald og utanforskap blir produsert.

Kan rive opp vonde sår

Redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle, reagerer ikkje på at Breivik blir utelaten i den nye dramaserien.

Video Harald Stanghelle kommenterer Treholt-saken

NATURLEG: Harald Stanghelle synest det er naturleg at det blir laga ein dramaserie om 22. juli, og seier at temaet har vore behandla gjennom andre kunstnariske uttrykk som skulpturar og litteratur.

Foto: NRK

– Eg opplever det ikkje som berøringsangst at denne serien har ein annan innfallsvinkel enn terroristen si historie – snarare tvert om. Dette er eit stort og komplisert sakskompleks, og det er mange måtar å gå inn i det på. Det har allereie vore skrive og reflektert mykje rundt terroristen og hans måte å tenkje og agere på.

Stanghelle synest det er naturleg at det blir laga ein dramaserie om hendingane rundt 22. juli 2011. Men han meiner at serieskaparane står framfor mange vanskelege val.

– Det er fort gjort å framstille dette slik at ein riv opp vonde sår. Det gjeld å ha ei høg etisk bevisstheit, og å tenkje over at små val kan utløyse store reaksjonar.

– Er det for tidleg å laga ein slik serie?

– Nei, det synest eg ikkje. Det kjem heilt an på måten det blir gjort på, og det kjem an på om dei som står bak serien har evne og vilje til å reflektere over dei mange store og små etiske vanskelege vala dei står overfor.

Historia om oss

Ivar Køhn

HANDLAR OM FOLK: Dramasjef Ivar Køhn fortel at 22. juli-serien skal handle om korleis terroren ramma folk.

Foto: Ole Kaland, NRK / NRK

NRKs dramasjef, Ivar Køhn, meiner ikkje at serieskaparane har hatt nokon berøringsangst for terroristen.

– Dette skal vera historia om oss, ikkje om gjerningsmannen. Serien skal ta for seg korleis terroren har forma oss som nasjon, og i denne forteljinga er ikkje gjerningsmannen så interessant. Det har vore laga ting om han før. Dessutan er det umogleg å halde han heilt usynleg i denne serien, som trass alt handlar om gjerningane hans.

Video Bannmenn på stedet - Regjeringskvartalet 22. juli (foto: Scanpix)

BRANNMANNSKAP: Dramaserien om 22. juli skal handle om dei som opplevde terroren gjennom jobbane sine, slik som brannmannskapet som kom til regjeringskvartalet.

Foto: Scanpix