Hopp til innhold

– Blir aldri lei av Brahms

Den tyske fiolinisten Augustin Hadelich har spelt Brahms sin fiolinkonsert frå han var 12 år, og sjølv om det er nettopp denne musikken han kanskje har spelt aller mest, så blir han aldri lei av den.

Augustin Hadelich

ALDRI LEI: Augustin Hadelich (31) har spelt fiolin sidan han var fem år gamal, og Brahms fiolinkonsert sidan han var 12. Han blir aldri lei av verket, trass i at det er noko av det han har spelt aller mest.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Sjølv om eg held fram med å spele musikken, studere den, og framføre den, så blir eg ikkje lei av den, seier fiolinist Augustin Hadelich.

–​ Det er eit veldig spesielt stykke, seier han.

Speler med Kringkastingsorkesteret

Augustin Hadelich har tyske foreldre, og han voks opp i Italia. Foreldra hans håpa at han og dei to eldre brørne hans kunne bli ein trio, og då Augustin var fem år gamal starta han å spele. Fordi brørne til Augustin spelte piano og cello, så vart det fiolin på Augustin.

Miguel Harth-Bedoya og Augustin Hadelich

VENER: Augustin Hadelich har spelt saman med dirigent Miguel Harth-Bedoya mange gonger før, og dei to er gode vener. No møtes dei nok ein gong når Hadelich spelar med KORK.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Då Augustin var 15 år gjorde ei ulykke på familiegarden at han vart forbrent på overkroppen, og fiolinisten fekk beskjed om at han kanskje ikkje kunne spele igjen. Han gav seg ikkje, og han kom attende til spelinga.

Dei siste tolv åra har 31-åringen budd i New York, for han blei verande etter at han gjekk på The Julliard School der. No spelar han konsertar over heile verda, og denne veka er det konsert med Kringkastingsorkesteret (KORK) på Torsdagslive i Oslo Domkirke som står for tur.

– Eg elskar å spele med dirigenten Miguel Harth-Bedoya. Me har spelt saman mange, mange gonger dei siste åra, over heile verda. Han er fantastisk å jobbe saman med, og me er gode vener, seier Hadelich.

– Nesten kammermusikk

Augustin meiner det er noko spesielt med Johannes Brahms sin fiolinkonsert, og det kan nok stemme, for både Kringkastingsorkesteret, og Oslo Filharmoniske Orkester framfører verket denne veka.

– Noko som er uvanleg med verket er kor nær fiolinsoloen er orkesteret. Fiolinisten er i sentrum under konserten, men mesteparten av tida akkompagnerer han orkesteret, seier Hadelich.

– Måten instrumenta kommuniserer på blir nesten som kammermusikk i ein veldig stor skala, seier han.

Vanskeleg stykke

Augustin Hadelich og KORK

MED KORK: Augustin Hadelich spelar Brahms fiolinkonsert saman med KORK i Oslo Domkirke denne veka. Her under prøvane før konserten.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Hadelich seier verket også er vanskeleg å spele, mykje fordi det er skrive av Johannes Brahms som er pianist og ikkje fiolinist.

– Pianistar brukar fem fingrar på kvar hand til å spele, og fiolinistar brukar berre fire på venstrehanda, seier Hadelich.

– Johannes Brahms spelte aldri fiolin, men heldigvis fekk han mykje hjelp frå fiolinisten Joseph Joachim som han skreiv verket til. Dei jobba saman for å gjere det mogeleg å spele det, så alt er mogeleg, seier han.

Augustin Hadelich spelar saman med KORK i Oslo Domkirke torsdag 3. september, og kan høyrast på P2 og NRK Klassisk frå klokka 19.30.

SJÅ OGSÅ:

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober