9 millionar kroner til inkludering
I dag mottek 55 ulike prosjekt til saman 9 millionar kroner frå den nystarta tilskotsordninga «Inkludering i kulturliv». Frivillige organisasjonar har anten åleine eller i samarbeid med andre organisasjonar eller kommunar kunne søke om mellom 50.000 og 500.000 kroner til prosjekt som bidreg til å auke aktiviteten og deltakinga i kulturlivet, heiter det i ei pressemelding frå Regjeringa.