Hopp til innhold

Ap vil gje 820 millionar meir til kultur

Arbeidarpartiet vil gje meir til idrettsanlegg, frivillige organisasjonar og til avisstøtte.

Ap med alternativt budsjett

ALTERNATIVT: Ap og partileiar Jonas Gahr Støre kom med alternativt statsbudsjett onsdag morgon.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Arbeidarpartiet kom i dag med sitt alternative statsbudsjett. Dei vil at ein prosent av statsbudsjettet skal gå til kulturlivet. Alt i alt så vil Ap gje 820 millionar kroner meir til kultur enn Solberg-regjeringa.

– Med oss så blir det fleire nyoppussa idrettsanlegg, fleire nyoppstarta kulturprosjekt og fleire kulturtilbod til både unge og eldre, seier kulturpolitisk talsperson i Ap, Hege Haukeland Liadal.

Samla sett så vil Ap at ein prosent av statsbudsjettet skal gå til kultur. Høgre og Frp vil til saman gje rundt 12 milliardar kroner til kulturen, medan Ap altså vil plusse på med 821,3 millionar kroner ekstra.

Kulturbudsjett

NY SATSING: Ap og Hege Haukeland Liadal vil fortsette med Den kulturelle spaserstokken for dei eldre og lanserer Kulturkortet til dei unge.

Foto: Arbeidarpartiet

Ny satsing til dei unge

Regjeringa ville kutte den kulturelle spaserstokken, noko som vil gje mindre kulturtilbod til dei eldre på sjukeheimar eksempelvis. Dette protesterte Ap på og har som venta tenkt å vidareføre tilbodet.

Regjeringa vil også kutte kulturkortet for ungdom fordi dei meiner det har vore lite brukt.

Her kjem Ap med ei satsing der dei vil gje 35 millionar kroner meir i kulturopplevingar for dei unge:

– Me har gått saman med AUF og vil gje eit kulturtilbod til ungdom der dei unge sjølv bestemmer kva det skal vere. Det kan vere alt frå kinobesøk til fotballkampar. Me aukar dette tiltaket frå 5 til 35 millionar kroner etter samarbeid med AUF, fortel Hege Haukeland Liadal.

Fryktar avisdød i bygd og by

Solberg-regjeringa vil kutte produksjonsstøtta til avisene med 50 millionar kroner. Dette kuttet vil Ap stoppe og i tillegg plusse på med fem millionar meir til avisene.

Mediepolitisk talsmann for Ap, Arild Stokkan Grande er uroa over at svært mange aviser slit økonomisk og at folk mistar jobbane:

– I dag så slit mange lokalaviser i bygdene og i tillegg så går det mot mindre avismangfald i byane. Dette taper lesarane på som får mindre å velge mellom. Me vil gradvis trappe opp støtta til avisene slik at ein kan sikre mangfaldet. I tillegg så vil me ha momsfritak for det avisene gjer digitalt, seier Arild Stokkan Grande.

LES OGSÅ:'

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober