Hopp til innhold

250 kg haggis i Bergen

Spesialimportert skotsk kokk har kome til Norge med hemmelege ingrediensar i kofferten, for å lage 250 kilo haggis til svoltne landsmenn

Haggis i Bergen
Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Hør: Haggis til folket, - produsert i Bergen

Laurdag blei det konsumert tonnevis av Haggis verda over, også i Norge. 25. januar er nemleg bursdagen til den skotske poeten Robert Burns, og overalt der ein feirar Burns-night, eller Burns-aften, står den skotske nasjonalretten på bordet.

Hemmeleg ingrediens

Joe Findlay smaker på haggis

Joe Findlay er hentet fra Skotland for å lage haggis.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

I produksjonsrommet ved Solheim Kjøt AS i Bergen står ein skotsk slaktar som er innflogen eins ærend for å imøtekomme etterspørselen frå haggis-elskarar i Norge. Med seg i kofferten frå Edinburgh har Joe Findlay med seg ei mystisk brun krydderblanding, den hemmelege ingrediensen som er overlevert frå generasjon til generasjon i nesten 200 år.

Stappar haggis i Bergen

James Hosea lager haggis

James Hosea stappar haggis

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

At Joe Findlay stappar haggis i Bergen er eit resultat av den katastrofale Burns-festen i Bergen for tre år sidan. Som vanleg bestilte den skotske foreningen i Bergen haggis frå Skotland, men den kom ikkje fram før to veker etter festen. Den blei sendt på kryss og tvers over heile Europa, i fly til Belgia og i varebil til Bergen i Tyskland. Då den endeleg kom til Norge blei den ikkje plassert på kjølelageret, og då den endeleg kom fram til Bergen, etter tre veker på vegen, måtte den rett i bosset.

Haggis sendt landet rundt

Joe Findlay blei redninga, - både for Burnsfesten i Bergen og fleire andre stader i landet. Etter at han laga 100 kilo haggis i Bergen i fjor har bestillingane strøymt inn, og i år er produksjonen oppe i 250 kilo.

Leiar i Bergen skotske forening, James Hosea, seier han er blitt kontakta folk frå Jæren til Trondheim, så i dag blir kilovis av haggis sendt til Burns-festar landet over. Joe Findlay har vunne fleire prisar og meisterskap med haggisen sin, og slakteriet hans i Edinburgh produserer fem tonn haggis til Burns-festar kvart år. No er han altså oppe i eit kvart tonn til det norske markedet.

Til ære for poet

En ekte blindtarm-haggis

Haggis i blindtarm

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Poeten alt dette er til ære for, Robert Burns, levde på 1700-talet. Han betyr veldig mykje for skottane, og bursdagen hans er som ein uoffisiell nasjonaldag.

Under Burns-festane i dag blir den fyrste haggisen høgtideleg paradert rundt i rommet, akkompagnert av sekkepipemusikk, før den endar opp ved høgsetet. Der deklamerer ein eit av Burns sine mest kjende dikt, 'Adress to a Haggis', - ein ode til haggisen.

Her er det fyrste av mange vers:

Fair fa' your honest, sonsie face,

Great chieftain o' the puddin-race!

Aboon them a' ye tak your place,

Painch, tripe, or thairm:

Weel are ye wordy o' a grace

As lang's my arm.

Hør: Haggis til folket, - produsert i Bergen

Norgesglasset NRK P1

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad