Utdrag fra foredraget:
"Det må vere ferdig til 17. mai!"
Nest etter julekvelden representerer kanskje 17. mai den viktigaste tidsfristen i det norske samfunnet. Medan juleførebuingane først og fremst dreier seg om førebuingar på heimearenaen med vasking, baking, innkjøp av presangar med mer, er førebuingane og forventningane til 17. mai meir retta mot det offentlege rommet. Vegvesenet og parkvesenet lovar at gater og friareal skal vere vaska og rydda til den 17., og alle håper på at dei høgare makter vil sørge for sol og varme og grønt bjørkelauv.
Dette er ein høgsesong for dugnader. Skolar og foreiningar klargjer skuleplassar og forsamlingslokaler for årets feiring. Butikkar reklamerer med nye klær til den 17., og rundt omkring i heimane blir 17. maisløyfer og flagg gravd fram frå vinterdvalen. Sjølv om skilje mellom kverdagsklede og festklede er i ferd med å gå i oppløysning i det moderne Norge, er 17. mai ein dag då dei fleste pyntar seg.
Klede frå landsbygda
Og 17. mai -antrekket framfor noko er bunaden. Dei fleste som kjøper bunad skal ha den ferdig til 17. mai, sjølve dagen er eit av dei viktige motiva for å skaffe seg den. Og salet går strykande. Meir enn halvparten av alle norske kvinner har bunad, og sal av mannsbunader byrjar no for alvor å ta av.
Mange synest dette er eit underleg fenomen.
- Korleis kan det ha seg at norske bybeboere i tusental på nasjonaldagen går tilbake til førindustriell tid og kler seg ut som om dei kjem frå landsbygda, spør forfattaren Tove Nielsen.
Ho får støtte i si undring av ein dansk ven som seier det er klin umulig å forestille seg titusenvis av københavnere strømme ut i gatene iført nordjysk konfeksjon anno 1850.
- Men I gør det vel kun for sjov? spør dansken
Ulikt Sverige og Danmark
Sett utanifrå er den norske 17. maikulturen og bunadskulturen eit merkeleg fenomen. Vi treng altså ikkje dra lenger enn til Danmark for at det skal verke temmeleg uforståeleg og eksotisk. I Danmark finst det ingen levande nasjonaldraktstradisjon, og å ha på seg ein bunad blir ikkje oppfatta som å kle seg til fest, men som å kle seg ut.
Danmark og Sverige har heller ingen nasjonaldagstradisjon med folkeleg oppslutning. Medan 3 av 4 nordmenn deltek i den offentlege feiringa av nasjonaldagen, ligg tilsvarande tal for Sverige og Danmark på mellom 5 og ti prosent. Det tyder at sjølv om både Danmark og Sverige har sine offisielle nasjonaldagar 5. juni og 6. juni kan vi ikkje eigentleg snakke om folkelege feiringstradisjonar.
I Sverige har ein forresten tenkt å gjere noko med saka. Etter mange offenntlege utredningar og debattar er det i år bestemt at 6. juni skal bli offentleg fridag. Det gjenstår å sjå om den svenske staten klarer å bygge opp ein nasjonaldagstradisjon som får folkeleg tilslutning.
Ikkje lett å finne nasjonaldag
For det er ikkje utan vidare så lett å planlegge ein slik tradisjon. For det første må ein ha ein dag å feire. Det bør vere ein dag i historien som skil seg ut og som i ettertida kan tolkast som eit skjelsetjande vendepunkt. Og dette vendepunktet bør representere verdiar som gjev meining og let seg forsvare også i dagens situasjon. Ein siger i eit slag og ei erobring av nytt territorium kan vere viktige historiske vendepunkt, men ikkje nødvendigvis hendingar som i ettertida kan tolkast som uttrykk for moderne demokratiske og liberale verdiar.
Paradoksalt nok er det ofte lettare for unge nasjonar med eit nyvunnen nasjonal sjølvstende å finne ein dag å feire enn for gamle stormakter. Slik sett må Sverige og Danmark som gamle stormakter som Norge har vore underlagt, få noko av æra for den norske nasjonaldagstradisjonen. Tilsvarande ser vi i dag at Færøyane har ei langt meir entusiastisk nasjonaldagsfeiring enn mor Danmark.
Framleis viktige verdiar
Eit særtrekk ved historia bak den norske nasjonaldagsfeiringa er at det norske nasjonale gjennombrot fall saman med uviklinga av massedemokratiet og ein liberal konstitusjon. 17. mai 1814 blir både eit symbol på den nye nasjonen Norge og på demokrati og fridom.
I mange andre land er nasjonalisme og nasjonsbygging noko som har forankring i ein overklasse og i bevaring av gamle privilegier. At kampen for nasjonalt sjølvstende vart kopla saman med kamp for demokratisering fører til at 17. mai 1814 symboliserer verdiar som står høgt også i dagens samfunn. Derfor kan 17. maitalarar snakke om at det er viktig også i 2002 å hugse kva dagen står for.
Ein dag for sansane
Likevel er det neppe talane og dei historiske minna som gjer dagen til ein folkeleg festdag. For at ein nasjonaldag skal få folkeleg oppslutning er det ikkje nok at den talar til hovudet og tanken.
17. mai er ein dag som talar til kropp og sansar gjennom fargar, lydar, rytmer, rørsler, smakar og lukter. Vi gjer våre første 17. mai-erfaringar lenge før vi har lært og forstått kva dagen offisielt handlar om. 17. mai er ein tilstand som ikkje kan forklarast, men må erfarast. 17. mai -opplevinga er ein del av norske barn si oppveksterfaring. Gjennom dette blir det lagt eit grunnlag som kan reaktiverast gjennom seinare nasjonaldagsfeiringar, f.eks saman med eigne barn.
Slik sett kan den tale direkte til våre kjensler uavhengig av det forholdet vi har til det ideologiske innhaldet i 17.mai -tradisjonen. Dette er eit typisk trekk ved folk sitt forhold til nasjonale symbol og ritual. På eit intellektuelt plan kan nok mange ha eit distansert forhold til nasjonalsangen, men likevel innrømmer 2 av 3 nordmenn at dei kan bli rørt når dei høyrer "Ja, vi elsker".
Hør hele foredraget torsdag 16. mai kl. 13.03 eller 21.30, og lørdag 18. mai kl. 7.03!
Olaf Aagedal
f. 1946, kultursosiolog og forsker ved Diakonhjemmets Høgskole i Oslo. Fagområde: Kultur og religion. Utgitt blant annet: "Rapport frå Bedehusland" (1988), "Døden på norsk" (1994), "Jakta på elgjaktkulturen" (1999), "Nasjonaldagsfeiring i fleirkulturelle demokrati" (red. sammen med Brit Marie Hovland, 2001).