Hopp til innhold

11 klassiske kanonkonsertar i vinter

Operadivaer, eit etterlengta comeback og verdas beste orkester er nokre av høgdepunkta på den klassiske musikkscenen utover vinteren. Her kan du lese om konsertane du bør merke av i kalenderen!

Danielle de Niese

Danielle de Niese er lyrisk sopran og ei av dei største unge operastjernene. 23. januar står ho på scenen i Oslo Konserthus.

Foto: © Decca / Chris Dunlop

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Oslo 20. januar: Musikalsk Graffiti

Oslo-Filharmoniens sjefdirigent Jukka-Pekka Saraste har teke orkesteret til nye høgder dei siste åra, og 20. og 21. januar dirigerer han musikk av komponistar han er spesialist på, Magnus Lindbergs Graffiti og Anton Bruckners symfoni nr. 7.

Magnus Lindberg er Nordens heitaste komponistnamn for tida og «huskomponist» for New York-filharmonien. Det Norske Solistkor er med når Lindbergs Graffiti skal framførast for første gong i Noreg. Du kan høyre utdrag frå GraffitiOslo-Filharmoniens nettsider.

Bergen 21. januar: Andsnes spelar Hvoslef

Leif Ove Andsnes

Leif Ove Andsnes held konsertar både i Bergen og Oslo denne vinteren.

Foto: Stein Eide / NRK

Noregs største internasjonale stjerne innan klassisk musikk skal spele eitt stykke norsk musikk på konsert denne vinteren; Bergens-komponisten Ketil Hvoslefs Klaverkonsert.

Andsnes urframførte konserten i 1993. På konsertane 20. og 21. januar har han med seg Bergen Filharmoniske Orkester dirigert av Edward Gardner, og dei skal også spele musikk av Benjamin Britten og Antonin Dvorák.

Oslo 23. januar: Verdas kulaste sopran

New York Times har omtalt Danielle de Niese som «Opera's Coolest Soprano», og 23. januar har ho med seg Kringkastingsorkestret når ho held konsert i Oslo Konserthus.

31-åringen de Niese er fødd i Australia, har foreldre frå Sri Lanka og Nederland, og vaks opp i Los Angeles. Du kan høyre stemma hennar på Danielle de Niese' profil på Myspace.

Bærum 25. januar: Danske jubilantar

Danske Concerto Copenhagen er Nordens leiande barokkorkester, og markerer i år sitt 20-årsjubileum med ein nordisk turné. På programmet i Bærum kulturhus står musikk av Bach og Vivaldi.

Med på konserten er den engelske dirigenten og cembalisten Trevor Pinnock. Han tilhøyrer pionerane innan bruk av originalinstrument og historisk informert framføringspraksis, og grunnla ensemblet The English Concert i 1972.

Oslo 26. januar: Mørk tilbake på scenen i Oslo

Cellisten Truls Mørk er endeleg tilbake etter halvanna år med sjukdom. I desember heldt han sin første offentlege konsert sidan våren 2009 i Stuttgart, og kunne glede seg over at den venstre skuldra fungerte som den skulle.

26. januar skal Mørk spele Antonin Dvoráks cellokonsert i lag med Oslo-Filharmonien, og dirigent er Eivind Gullberg Jensen. Jensen debuterte i haust som dirigent for Berlin-filharmonien, og skal også dirigere Robert Schumanns første symfoni.

Her kan du sjå Mørk spele frå Dvoráks cellokonsert med Oslo-Filharmonien i 2002:

Video MØRK-040111-FOV-WW

Tromsø 4. februar: Nordic Voices i nordlys

Vokalensemblet Nordic Voices samarbeidde med komponisten Lasse Thoresen om verket Opus 42, som vann Nordisk Råds Musikkpris for 2010. I Tromsøs domkyrkje skal dei 4. februar halde konsert under Nordlysfestivalen i lag med Forsvarets musikkorps Nord-Norge og dirigent Peter Szilvay.

På programmet står mellom anna urframføringa av eit bestillingsverk av Jon Øivind Ness; An den langen Lüssen, som byggjer på musikk av Gustav Mahler.

Mariss Jansons

Oslo-filharmoniens tidlegare sjefdirigent Mariss Jansons leier no Concertgebouw-orkestret i Amsterdam.

Foto: www.flickr.com (Arkiv)

Oslo 8. februar: Verdas beste orkester

Concertgebouw-orkestret frå Amsterdam vart i 2008 kåra til verdas beste orkester av det engelske tidsskriftet Gramophone. 8. og 9. februar kjem orkesteret til Operaen i Bjørvika for å spele to konsertar med ulike program.

Dirigent for konsertane er Oslo-filharmoniens tidlegare sjefdirigent Mariss Jansons, som no er sjef i Amsterdam. Leif Ove Andsnes er solist på begge konsertane, og skal spele klaverkonsertar av Brahms og Mozart.

Haugesund 9. februar: Fest for Johan Svendsen

I 2011 er det hundre år sidan Johan Svendsen døydde, og i februar blir den berømte komponisten heidra med festkonsertar i Haugesund (9. februar) og i Bergen (10. februar). Bjarte Engeset skal dirigere Bergen Filharmoniske Orkester.

På programmet står kjende Svendsen-verk som fiolinromansen og symfoni nr. 2, men også utdrag frå ein tredje symfoni som aldri har vore spelt. Utdraga byggjer på skisser som vart gjenfunne i 2008.

Trondheim 11. februar: Bryn Terfel

Den walisiske songaren Bryn Terfel har eit breitt repertoar som mellom anna inneheld folkesongar frå heimlandet, men berømt er bassbarytonen først og fremst som ein av verdas beste operasongarar.

11. februar syng han i Olavshallen saman med Trondheim Symfoniorkester, 15. februar står han på scenen i Oslo Konserthus saman med Kringkastingsorkestret.

Stefan Herheim

Stefan Herheim har internasjonal suksess som operaregissør.

Foto: M. Szobo

Oslo 16. februar: Norsk stjerneregissør i Operaen

Den norske regissøren Stefan Herheim har dei siste åra hatt stor internasjonal suksess med sine operaoppsetjingar, mellom anna av Wagners operaer. I februar er det norsk premiere på hans versjon av Alban Bergs opera Lulu, som fekk strålande mottaking etter premieren i København sist haust. NRKs operameldar kalte oppsetjinga ein triumf, og Jyllandsposten omtalte Lulu som haustens store københavnske operapremiere.

Trondheim 17. februar: Norsk urframføring

Pianisten Tor Espen Aspaas skulle ha urframført Olav Anton Thommesens nye klaverkonsert allereie sist vinter. Berre nokre få dagar før konserten sklei imidlertid pianisten på isen og braut arma.

17. februar får Aspaas endeleg eit nytt høve til å spele konserten i Olavshallen. Arvid Engegård dirigerer, og Trondheim Symfoniorkester kjem i tillegg til å spele Johannes Brahms' fjerde symfoni.

Les også: Her kommer vinteren ... med oversikt over pop- og rockkonsertar i vinter.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober