Det var mykje latter i salen då Berlinalen-publikummet fekk sjå «Jørgen + Anne = Sant» i kveld. Cirka halvparten av desse var barn.
– Det er veldig morosamt å vise den for så mange menneske, og litt rart fordi den blir dubba på tysk. Men folk ler og grin og er glade, så då er det kjempekjekt, uttaler regissør Anne Sewitsky til NRK i Berlin rett etter filmvisninga.
I januar var ho på Sundance-festivalen og vann pris for filmen «Sykt lykkelig» der.
- Les:
- Les:
I Berlin er det eit litt anna publikum.
– Det er mange barn her, sjølvsagt, og dei skrik og er mykje friare enn eit vaksent kinopublikum, seier ho.
Filmen er basert på ei bok av Vigdis Hjort og handlar om to tiåringar som blir forelska.
Kjøpt inn i Tyskland
«Jørgen + Anne = Sant» kjem også til å bli vist på fleire kinoar i Tyskland, sidan den er kjøpt opp av ein tysk distributør.
Fleire europeiske land snusar også på filmen, men det er ikkje stadfesta kva andre land som vil kjøpe den inn.
Otto Garli spelar rolla som Jørgen, i sin første spelefilm.
– Det er stort og skikkeleg kult å vise filmen her, seier han.
Han synest ikkje det er vanskeleg å spele forelska.
–Det er berre å føle seg inn i rolla, å føle seg som forelska og sånn, så går det som oftast greit. Eg har vore forelska før, det er sikkert nokon som veit det, røper han.
Suksess for norske barnefilmar
Kulturminister Anniken Huitfeldt er også på plass i Berlin.
– Dette betyr mykje for norsk film. Det er ei veldig sterk historie i denne filmen. Eg veit jo at norsk barnefilm er bra, men vart gripe av den på ein veldig sterk måte, fordi den ikkje berre var for barn, den var for vaksne også, seier kulturministeren.
Tre andre norske barnefilmar skal også visast i Berlin, som ein del av «Generation»-programmet.
Ein jury på elleve barn skal dele ut prisen «Krystallbjørnen» til vinnaren av desse filmane. Programmet er svært populært, og trekk rundt 50.000 besøkande i løpet av festivaldagane.
–Norsk barnefilm har veldig høg kvalitet, fordi den tek barn på alvor, og har ein stor del av det norske kinopublikummet. Den har slått mange rekordar dei siste åra. Gode seriøse filmfolk lagar barnefilm i Noreg, vi brukar dei beste, forklarar Huitfeldt.
«Sykt lykkelig» også på programmet
Filmfestivalen i Berlin, også kalt Berlinalen, er den største filmfestivalen i verda målt i forhold til publikumsinteresse.
Sewitsky vann i 2009 to prisar for kortfilmen «Oh My God» på Berlinalen. Den førre spelefilmen hennar, «Sykt lykkelig», visast også i Berlin, men utanfor konkurranse.
«Jørgen + Anne = Sant» har norsk premiere 25. februar.
- Les også:
- Les også:
- Sjå videorapport frå Berlinalen: