Hopp til innhold

Borna får ikkje lov til sjå filmen dei sjølv spelar i

Filmen «De uskyldige» er så rå at hovudrollene ikkje får lov til å sjå den. – Det er ikkje ofte eg går frå ein kino med ein så uggen kjensle. Den er dryg, seier filosof Lars Svendsen.

De uskyldige

Rakel Lenora Fløttum og Sam Ashraf frå filmen De uskyldige.

Foto: Mer Filmdistribusjon

NB: Saka inneheld detaljar som avslører delar av handlinga i filmen.

På spørsmålet om kva folk vil sitte att med etter å ha sett filmen, svarar barneskodespelarane dette:

– Trauma, seier tretten år gamle Sam Ashraf.

– Mareritt, svarer Mina Yasmin Bremseth Asheim som er ni år.

Det er den fyrste filmen dei speler i, men dei får ikkje lov til å sjå det ferdige resultatet. Noko dei synest er like greitt.

– Eg antek at eg er gamal nok til å sjå den når eg er vaksen, seier Sam.

Heldigvis var ikkje filmen like skummel å spele i, som ein kanskje skulle tru.

– Eg blei aldri redd eller skremd under innspelinga, seier Mina.

Skodespelarane frå filmen De uksyldige står på gata i Oslo. F.v Alva Brynsmo Ramstad, Mina Yasmin Bremseth Asheim, Rakel Lenora Fløttum og Sam Ashraf.

Skodespelarane frå filmen «De uskyldige». F.v. Alva Brynsmo Ramstad, Mina Yasmin Bremseth Asheim, Rakel Lenora Fløttum og Sam Ashraf.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

– Gav ei uggen kjensle.

Filmen «De uskyldige» hadde søndag norsk premiere og opna Den norske filmfestivalen i Haugesund.

Verdspremieren var under Cannes i sideprogrammet «Un Certain Regard"/"Et spesielt blikk».

Filosof Lars Svendsen, er ikkje av den lettskremte typen, han har nemleg skrive ei bok om vondskap. Men filmen har gjort inntrykk på han.

– Det er ikkje ofte eg går frå ein kino med ei så uggen kjensle. Den er dryg.

Filosof Lars Svendsen fotografert på ein leikeplass.

Filosof Lars Svendsen blei skremd av det han fekk sjå på filmlerretet.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Filmen går inn i barn si verd, der skilje mellom det naturlege og overnaturlege blir viska ut.

– Den går gjennom marg og bein. Den er absolutt skakande. Det er ikkje ein film som du gløymer to timar etter at du har sett den. I filmen blir det overnaturlege til verkelegheit, seier Svendsen.

Han forklarer at vi gjerne tenker på barn som uskyldige.

– Samtidig veit vi at barn kan gjere heilt forferdelege ting, noko som også skjer i denne filmen.

Barn som drep barn


Det er spesielt ei scene som har brent seg fast i minnet til filosofen.

– Det er ein episode med ein katt relativt tidleg i filmen og eg er veldig blauthjarta når det kjem til dyr. Etter den episoden tenkte eg: Må eg verkeleg sjå dette? Dette er meir enn eg toler.

Svendsen meiner at regissør Eskil Vogt bruker sterke verkemiddel i filmen, men at dei ikkje er umotiverte og at den reiser interessante spørsmål om born og moral og korleis vi blir den vi blir.

– Vi fødes som verken gode eller vonde. Vi blir etter kvart alle som ein gode og vonde. Kvar vi hemnar mellom desse handlar også mykje om kva vi har rundt oss.

– Treng vi slike filmar?

– Eg trur vi treng filmar som gjer noko meir enn å berre underhalde eit par timar. Det er greitt det også, men av og til bør vi eksponere oss for noko som er litt meir ubehageleg, litt meir krevjande fordi det kanskje kan bringe oss bitte litt vidare.

Filmen har 15-årsaldersgrense. I løpet av denne filmen drepast det nemleg barn, barn drep vaksne og eit dyr blir drepen på ein måte som sikkert mange vil reagere på.

Å sjå verda med blikket til eit barn

Regissør Eksil Vogt har eit ønskje om å gje folk ei ordentleg kinooppleving der ein blir tatt med på ei spanande og kjensleladd reise.

Men han ønskjer også å vekke barndomsminner.

Regissør Eskil Vogt på gata i Oslo.

Regissør og manusforfattar Eskil Vogt.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

– Om folk etterpå tenker litt på korleis det er å vere barn og hugsar nokre ting frå sin eigen barndom som dei ikkje har tenkt over på lenge, eller hugsar det rare som skjedde då dei var små, som dei ikkje har nokon god forklaring på, så synest eg det hadde vore fint.

Den 3. september blir filmen å sjå på kinolerretet. No ventar regissøren på reaksjonane frå det norske publikummet.

– I Cannes var det mange som sa at dei måtte ha munnbinda framføre auga fordi dei blei så skremde. No er eg spent på å sjå korleis det norske publikummet reagerer – om dei kjenner på det same.

Filosofen Svendsen trur ikkje at alle vil tole det som vil visast på lerretet

– Det vil ikkje forundre meg om ein eller annan person kanskje forlèt salen under framsyninga fordi noko av det som skjer er rett og slett for ubehageleg. Utan at eg skal avsløre akkurat kva.

– Vi håper at de vil sjå filmen, men det er berre om de tørr, fordi den er ganske skummel, avsluttar Sam.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.