Slutt for mobil-strøymeteneste
Etter berre eit halvt år blir storsatsinga Quibi lagt ned, skriv Variety. Quibi er ei strøymeteneste berre for mobile plattformer. Trass spesialinnhald frå store namn som Kevin Heart, Chrissy Teigen og Kiefer Sutherland, gir investorane no opp.