Hopp til innhold

Dirigenten Mariss Jansons er død

Mangeårig dirigent for Oslo Filharmonien, Mariss Jansons er død, 76 år gammal. – Han tok orkesteret til det øvste toppnivået, seier direktør Ingrid Røynesdal til NRK.

Mariss Jansons

Mariss Jansons dirigerte fleire av dei fremste symfoniorkestera i verda. I over 20 år var han også kunstnarisk leiar for Oslo Filharmoniske Orkester. I 2012 dirigerte han den tradisjonsrike nyttårskonserten med Wiener-filharmonikarane.

Foto: DIETER NAGL / Afp

Den latviske dirigenten Mariss Jansons var ein av dei mest etterspurde dirigentane i verda. I perioden 1979 til 2000 var han kunstnarisk leiar for Oslo Filharmoniske Orkester. I løpet av denne perioden førte han orkesteret opp på eit høgt internasjonalt nivå.

Han fekk St. Hallvards-medaljen i 1996 og blei utnemnd som kommandør av Den Kongelige Norske Fortjenstorden i 2000. Som dirigent for orkesteret Spellemannprisen fire gongar, og Anders Jahres kulturpris i 1991. I tillegg har han fått fleire internasjonale utmerkingar og prisar.

Administrerande direktør i Oslo-Filharmonien, Ingrid Røynesdal, seier Jansons har hatt enormt mykje å seie for orkesteret.

– Han var sjefdirigent i 22 år, og løfta orkesteret til det øvste toppnivået. Og det var ikkje berre orkesteret som fekk eit løft, men også heile musikklivet. Så dette er ein veldig spesiell og trist dag, seier ho til NRK.

Ho meiner det var det spesielle forholdet mellom orkester og dirigent som gjorde at det blomstra.

– Han hadde ein kjærleik til kvar enkelt musikar og det potensialet som låg i orkesteret. Det var eitt eller anna med kjemien, dedikasjonen og ambisjonen, kombinert med den kapasiteten han var, som var ei fantastisk god timing.

Var ønska tilbake

Ingrid Røynesdal, administrerende direktør i Oslo Filharmonien

Administrerande direktør Ingrid Røynesdal i Oslo Filharmonien seier dei gjerne skulle hatt Mariss Jansons tilbake til Oslo i jubileumssesongen til orkesteret for å heidre han for innsatsen han gjorde i åra som sjefdirigent.

Foto: Rune Bendiksen / Oslo Filharmonien

Mariss Jansons var kritisk til akustikken i Oslo Konserthus, og meinte at orkesteret fortente betre øvings- og konserttilhøve etter å ha oppnådd gode resultat. Men han blei ikkje høyrd av politikarane.

I 2002 takka han for seg. Og då NRK møtte han 15 år seinare, sa han at han framleis hadde eit anstrengt forhold til Noreg.

– Eg har forsøkt å legge bak meg kjensla av å ha mislukkast. Men min kamp for orkesteret blei ikkje høyrt, og det skjer meg framleis i hjartet. Forholdet mitt til Noreg er øydelagt, sa han.

Han dirigerte aldri orkesteret igjen. Men i samband med 100-årsjubileet til Oslo-Filharmonien sesongen 2019-20, ønskte orkesteret å få Jansons på gjestevisitt. Men det viste seg å bli vanskeleg, seier Røynesdal.

– Eg trur han opplevde at dersom han hadde kome tilbake, ville det bidra til å redusere kritikken han kom med mot Noreg og norske styresmakter. Men han var ein sentral figur i orkesterets historie, og vi skulle gjerne fått han tilbake ein siste gong for å markere og hylle han.

Ettertrakta dirigent

Jansons dirigerte fleire av dei fremste orkestera i verda, som Berlinfilharmonikerne, Wien-filharmonikarane og Conscertgebouw-orkesteret. Då han døydde, var han sjefdirigent for Bayern radiosymfoniorkester.

Orkesteret skriv på Facebook at dei er svært triste etter å ha fått meldinga.

På grunn av hjartesjukdom deltok Mariss Jansons berre på nokre fåtal konsertar det siste året. I oktober dirigerte han Bayerske radiosymfoniorkester etter at han hadde vore borte i seks månader, skriv den latviske allmennkringkastaren.

Laurdag døydde han i heimen sin i St. Petersburg, 76 år gammal.

Utanriksministeren i heimlandet Latvia, Edgars Rinkevics, sende sine kondolansar på Twitter.

– Det er svært triste nyheiter at den verdskjende latviske dirigenten Mariss Jansons har gått bort. Eg kondolerer til familien og alle dei som beundra talentet hans.

Laster Twitter-innhold

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.