Vurderer å rive skulen
I dei 20 åra som har gått sidan to elevar ved Columbine High School skaut 12 medelevar og ein lærar, har hundrevis av turistar oppsøkt skulen for å oppleve staden der dei fryktelege hendingane skjedde. No har skuleleiinga sett seg lei på valfartinga, og har sendt ut eit ope brev der dei ber om at skulen blir vurdert riven og bygd opp på nytt. Brevet har allereie ført til debatt blant dei som overlevde skuleskytinga i 1999.