Museum må returnere statue
Getty-museet i Los Angeles må returnere ei 2.000 år gammal bronsestatue, kjent som Atleten frå Fano, til Italia. Det har Italias høgsterett fastslått, skriv The Guardian. Museet seier dei vil forsvare sin «juridiske rett» til å behalde den gamle greske statuen. Statuen vart oppdaga av fiskarar utanfor Pesaro, på Italias adriatiske kyst, i 1964. Det amerikanske museet kjøpte statuen for over 40 år sidan for om lag 34 millionar norske kroner.