Saksøkt for kjønnsdiskriminering
Ein tidlegare tilsett hevdar at kvinner blir betalt mindre og at Spotify driv med systematisk kjønnsdiskriminering. Ho hevdar også at salssjefen i USA arrangerte fuktige gutteturar til Sundance Film-Festival, og ekskluderte kvinner som var betre kvalifisert, melder Variety. Spotify seier dei ikkje kjenner seg igjen i skuldingane.